Forfattararkiv: hvrd

Skog Skrike Blod

For nokre år sidan skreiv BT ein artikkel om utanlandske svartmetall-band med norske namn. Avisa forsvann diverre så altfor fort, men takka vere Runar (samt nokre ukjende sjeler) er det no mogleg å få presentert desse godbitane for Ufjelgs lesarar. Det kan diskuterast kor vidt somme av namna er god latin, men underhaldningsverdien er det […]

Nytt frå arkivet

Grunna eit serverbytte for ei tid sidan forsvann bileta frå ein heil del eldre saker. Etter mange purringar har endeleg arkivavdelinga teke ansvar og rydda opp. Her følgjer eit knippe saker som har fått biletet sitt tilbake, og som med fordel kan lesast ein gong til.

Inflasjon

Det går nedover med krona, men vi har endå eit stykke att. Fleire sedlar frå Zimbabwe.

Opp av bekkalokket

Roland Mühler har tatt nokre flotte bilete av bekkalokk (eller kumlokk som folk flest seier). Fleire godtbitar på Roland sine sider. Meir om Opp av bekkalokket.

Ein moderne klassikar

Her følgjer eit intervju det tyske metall-magasinet Rock Hard gjorde med norges desidert mest humoristiske metall-mann Gylve Fenris Nagell (tidl. Leif Nagell) aka Fenriz. Ein slager. Take me to your Fenriz har meir småstoff.

The Micropops live

The Micropops med Håkon Njøten er headliner under helgas Dugnad-festival der inntektene går til bandsa som mista utstyret sitt under brannen i Skuteviksbodene. Andre bands som stiller opp er: Datarock, The Whitest Boy Alive og Kim Hiorthøy. Ref. opplett.no.

Moderne femkamp

21. og 22. august går OL-konkurransane i moderne femkamp av stabelen. Det skal konkurrerast i 10 m luftpistol, fekting med korde (ikkje sabel, nei), 200 m fristilsymjing, sprangridning med ukjent hest og 3 km terrengløp. Ifølge Wikipedia vart konkurransen konstruert av baron Pierre de Coubertin og den har som mål å simulere erfaringane til ein […]

Hey hey, my my

Konsertar med Neil Young nærmar seg. Nokon heldige skal avgarde for å sjå han allereie i morgon, medan andre må vente heilt til den 26. Her er ein smakebit.

Kven er dette?

Mannen var skodis i ung alder. Hint: Han spelte i svenske filmar på tidleg syttital som var baserte på bøker av ein kjend svensk forfattar.

Helgelyd – Festivalutgåva

Favorittrockebandet vårt Ungdomskulen spelte opp på årets Hovefestival og NRK Lydverket fekk bandet til å stille opp på ein akustisk campingkonsert. Låten er Modern Drummer. Honnør (kudos) til statskanalen som endeleg har skjønt korleis film kan publiserast på web.