Forfattararkiv: hvrd

Tom Waits til Operaen?

Nei, det passar littegranne dårleg akkurat no. Det er fristande å ta fram dei sterkaste glosar, men artikkelen talar for seg.

Helgelyd veke 23

Denne gongen skal vi attende til sommaren 2005. Den sommaren då der berre eksisterte ei einaste plate. Plata er sjølvsagt Hal sin sjølvtitulerte debut, og vi har gleda av å servere meisterverket I sat down.

Karies eller berre stor i kjeften?

SK Brann sine nettsider melder om at Brann-tannbørsten endeleg er her. Dette er ein tannbørste som er spesialdesignet for bergensere og hordalendinger.

Perfekt

Eg vart gjort merksam på at det er venta storfint besøk til hausten. Doug Martsch og hans eminente orkester Built to Spill spelar opp på Verftet i Bergen og Rockefeller i Oslo, høvesvis 10. og 11. oktober. Og ikkje nok med det, albumet Perfect from Now On skal spelast i sin heilheit. Billettar er lagt […]

The Onion om Madonnas siste

Den flottaste nettblekka The Onion har ein plateomtale av Madonnas siste plate som går det meste anna i sjangeren ein høg gang. Although Hard Candy has only been available for three weeks, its format of a two-channel 16-bit PCM encoding at a 44.1 kHz sampling rate per channel has already drawn comparisons to such classic […]

Helgelyd veke 20

Den fullstendig ukjende Funkee Homosapien-fraksjonen i Ufjelgs helgelydredaksjon har denne gangen gleda av å presentere Aesop Rock sin sleger None shall pass frå albumet med same namn. På albumet gjestar bl. a. John Darnielle frå The Mountain Goats.

God vinnar

Eg er i eit dunkelt hjørne i dag sidan min kjære Corolla fekk smesja vinduet for ei ussel lommebok med skarve 100 bols i, og eg synes det passar godt å tilby dykk dette framifrå videoklippet med ein mindre sympatisk pokerkar. Det er mulig det er slik de pokerspelarar oppfører dykk når de spelar profesjonelle […]

Tambarskjelvar – Anga 4-4

1. mai spelte Tambarskjelvar sitt nyoppstarta A-lag treningskamp mot den gamle kjempen Anga. Resultatet enda 4-4 og Ufjelgs sportsredaksjon gratulerer Tambar-gutane med sin første kamp etter nyoppstartinga utan tap. Referat frå kampen på Tambar.no. Første seriekamp er mot Gaular 2 den 6. mai på Naustdal stadion. Møt opp!

Alt du vil ha

Etter mange års venting er endeleg den, i enkelte krinsar, mykje omtala Motorpsycho DVDen på veg ut i butikkane. 19. mai er datoen som må merkast med Hair Cuts: Motorpsycho on Film. Gutane er for tida på turné i heimlandet og mange gode og gamle favorittar har vorte henta fram, som t.d.: Sunchild, Babylon og […]

Darwin og Bondevik

Soga om då Darwin nesten vart kasta på dør: Darwin, Bondevik og hukommelsen.