Eg fekk ein link frå svigerinna mi i dag. Eit program på SVT som heiter Landet Brunsås. Moro og lærerikt om Sverige, mat og kultur. Tre heilt ålreite ting altså. Få det med deg! Programma vert også lagt ut på nett-TV hjå SVT. Fyrste program ligg her, andre går på TV i kveld.
Som småbarnsfar med kveldsjobb er det ikkje ofte det byr seg ein frikveld til å til dømes gå på kino. I kveld fekk eg sjansen, men det var ikkje noko på plakaten som umiddelbart fengja interessa. Eg fall då ned på ein actionfilm, og vona på grei underhaldning. Og jaudå, det var då for so […]
22. november, 2008 – 12:25
Høgdepunkt frå gårsdagens fjensynsmeny:
5. september, 2008 – 18:43
I kveld 23.40 sender Tv2 første episode av den legendariske fjernsyns-serien Twin Peaks. Det blir eit deilig gjensyn med tidenes skumlaste serie og eit fantastisk persongalleri. Pete Martell finn liket av Laura Palmer, Ronette Pulaski blir funne skamslått og FBI-agent Dale Cooper kjem til Twin Peaks, i ein episode som er av dei absolutt betre […]
John Prine er ein mann ein høyrer lite om sjølv om han er av dei flinkaste låtskrivarane vi har. Han har gitt ut ein haug med plater etter debuten i 1971. My darlin' hometown er frå den svært så habile Fair and square, som kom i 2005. God påske!
Det vart litt mykje mykje krig og USA-kritikk sist, så i denne bunken har musikkdokumentarane og biografiane fått større plass. Men det er ikkje fritt for at det er ein del elende her òg. Her er andre del i min triologi om dokumentarfilm.
19. februar, 2008 – 18:05
I eit forsøk på å bruke vinterferien til noko fornuftig, har eg sett ein god bunke med dokumentarfilmar. Her er mi vurdering av filmane:
15. februar, 2008 – 21:23
Jack Johnson var den klart beste boksaren i byrjinga av det tjuande århundret, lenge før Amerika var klar for ein mørkhuda tungvektsmester. I den strålande dokumentarfilmen Unforgivable blackness frå 2005, følgjer vi Johnson sine mange kampar i og utanfor ringen. Sjølv om Johnson hadde slått ned all motstand, vart han i mange år nekta tittelkamp. […]
Årets BIFF-program er på nett og det inneheld mykje som virkar spennande. Nytt av året er at det også vert konsert: Sigur Rós spelar opp i forkant av visninga av dokumentaren Heima som handlar om ein turné Sigur Rós hadde på Island ifjor.
Inspirert av Oscar-showet som gjekk på fjernsyn forleden, såg eg i kveld Al Gore-filmen: An inconvenient truth. Den handlar om framtida til denne planeten. Veldig bra film!