Kategoriarkiv: Musikk

YankeeHotelFoxtrot

Eg held fram med serien "Skattar frå skåpet (vi veit kor det står)", og presenterer den beste plata på denne sida av år 2000: Yankee Hotel Foxtrot av og med Wilco. Ein vert mållaus av å høyre på dette meisterverket, så eg seier ikkje meir, og overlet ordet til Doktor Pål M i Groove.no.

Gratise smakebitar og vel så det

Den nederlandske nettsida VPRO (som muligens tilhøyrer ein tv-stasjon) tilbyr litt av kvart frå nettsida si. Ein kan bl. a. høyre gjennom heile disk 1 på den siste Motorpscyho-plata. Gå til http://3voor12.vpro.nl/3voor12/index.jsp, klikk "Luisterpaal" og deretter "Omlaag". Der finst òg spor frå den siste plata til bensingjengen i Drive-By-Truckers.

Crooked Rain, Crooked Rain

Idag slår eg eit slag for ei topp plate, ein klassikar: Crooked Rain, Crooked Rain av og med Pavement. Definitivt rock med internasjonalt snitt. Det er også verdt å notere seg at Pavement faktisk har fått 4.5 (av 5) i snitt på alle albuma sine hjå allmusic.com. Fortent? Ja, sjølvsagt.

Litt av kvart med sukker og salt

9. mars opptrer svensken Dan Fägerquist på Logen Teater. Han framfører songar av den russiske visesongaren Vladimir Visotskij på svensk. Ifølge Logen Teater sine nettsider vert det "En avkledd, sviende og sterk konsert med sanger om å være til." Eg trur det kan bli bra likevel. Sist den austerrikske elektronikakonossøren Christian Fennesz vitja Bergen vart […]

Motorpsycho i postkassa

Stickman Records har byrja å ta opp førehandsbestillingar på Motorpsycho si nyaste plate Black Hole/Blank Canvas. Plata kjem både på dobbel-LP og dobbel-CD, samt ei dobbel-CD-utgåve i avgrensa tal. Utgjevingsdatoen for plata er fredag 17. mars.

Konsertomtale: Muddy Mojo på Bahran

Det var stinn brakke og stormande jubel då duoen Muddy Mojo, beståande av Per Berg og Ronny Fimland, entra scena på Bahran laurdag 18. februar. Karane har øva intenst dei siste vekene og det var knytt stor spaning blandt dei 30-40 tilhøyrande om dette hadde vore vel investert tid.

Muddy Mojo på Bahran laurdag

Førstkomande laurdag svingar duoen Muddy Mojo gitarar, trekkspel og diverse perkusjonseffektar for eit lite men interessert publikum på Bahran. Muddy Mojo framfører eigne låtar heimehøyrande i blues- og roots-land med stor sjarm og godt humør, utan at dèt går utover kvaliteten.

Programmet for Bergenfest er klart

Og for eit program! Etter fjorårets litt skuffande program er no Frank Nes & Co klare med noko som i underteikna sine auge er tipp-topp. Mildt sagt. Chris Hillman (ex The Byrds og Flying Burrito Bros) og kumpanen Herb Pedersen er tilbake med sin fantastiske bluegrass. Denne konserten var det desiderte høgdepunktet i 2003 og […]

The Elected: Sun, sun, sun

Dei som treng oppmuntring i vintermørket bør sjå hit. På sitt nyaste album spelar The Elected fjørlett og sommarvarm vestkystpop blanda med countrypop a la Bright eyes. Resultatet er kriminelt fengande og umiddelbart iøyrefallande musikk. Mannen bak plata heiter Blake Sennett og han spelar til vanleg i bandet Rilo Kiley.

Vekas låt: Belle & Sebastian – Another Sunny Day

Skottane i Belle & Sebastian har nett servert si seinaste plate, The Life Pursuit, og eg ser ikkje anna utveg enn å kåre spor nummer to, Another Sunny Day, til vekas låt. Den er ein fabelaktig countrypoppar med det nydelegaste gitarspel og herleg koring ifrå mai til august. Og som ikkje det var nok, dei […]