21. oktober, 2005 – 15:43
Vi avbryter BIFF med ei viktig melding: I samråd med representantar frå Ungdomskulen la eg nokre mp3s frå sjutommarane som nyleg kom ut, på nett. No har amerikanarane i Pitchforkmedia fått snurten i det. Sjå kva resultatet vart på pitchforkmedia.com. Dersom de får problem med å komme inn på Doktor Munk og liknande framover, har […]
12. oktober, 2005 – 20:39
Kamelon arrangerer onsdag 19. oktober ein gratiskonsert til støtte for kampen mot avtalen Bergen kommune planlegg med Clear Channel, eller som nettsidene til Kamelon seier: "[...]konserten er et ledd i arbeidet med å få politikerene til å snu i tide og bevare Bergens egenart". Så langt er Kings of Convenience, Karin Park, William Hut og […]
For dei som er så heldige å ha ein platespelar tilgjengeleg, kan dei tre sjutommarane (som er same format som ein single) frå rockarane i Ungdomskulen anbefalast på det sterkaste. Platene kan bl.a. kjøpast hjå Apollon i Bergen og på nettstaden med snedige namnet Shitfuckyou. Prisen er kr 50 pr stk. Pålitelege rykte kan fortelje […]
I førre veke var det duka for ein historisk konsert på Chateu Neuf i Oslo. Då urframførde nemleg Trio Søt fem låtar av Motorpsycho i nynorsk språkdrakt og med nye arrangement. Det heile er dokumentert med opptaksbasert utstyr og kan spelast av med passande edb-basert programvare. Låtane som dei spelte var Ventande på den eine, […]
I perioden 6.- 9. oktober vert det arrangert 'Cowboy & Indianer Weekend' i Oslo og Bergen. Arrangør er bl. a. redaksjonen til radioprogrammet Cowboy & Indianer. Blant artistane finn ein t.d. det herlege kommunistcountry-bandet MAO (som spelar country & eastern) med folk frå Real Ones (bombe) og Sgt. Petter, samt Devil in a Woodpile og […]
Eg har fått mailboksen min full av klager på den tynne konsertlista, så her følgjer ei oppdatert utgåve: Det er haust og ein kan og bør kose seg med kvalitetsmusikk. Her følgjer eit ørlite utval av kva ein kan klare å gå glipp av dersom ein prøver eller ikkje bur i Bergen: 01.09 - Novgorod […]
Neil Young har overstått hjerneoperasjon og gir ut sitt nye album 20. september. Det skal heite Prairie Wind. Mine forventningar er noko avmålte etter det svake Are you passionate? og det respektable Greendale.
Den ikkje fullt så uavhengige nettstaden Pitchforkmedia rapporterer at Jeff Mangum, geniet bak platene In the aeroplane over the sea og On avery island har vist seg på ei scene saman med Olivia Tremor Control. Eg håpar det betyr at han trenar til noko stort.
Dei siste vekene har eg kosa meg mykje over og med den fabelaktige tenesta Audioscrobbler (www.audioscrobbler.com). Dette er ei teneste som vha. eit lite innstikk (plugin) til musikkavspelingsprogrammet, registrerer kva musikk du spelar på pcen og lagrar statistikk over dette. Vel og bra, men som regel er det enkelt å ha kontroll på kva ein […]
Som det ofte er på onsdagskveldar, er det også i kveld jam på Kamelon. Vertar i kveld er Mr. Reed y compadres og Leif-en har sagt at det vert songar snekra av dei meritterte karane Neil Young og Towns Van Zandt. Seinare er det då høve til å få jamme litt eller spele favorittsongen sin. […]