Kategoriarkiv: Musikk

Helgelyd veke 13

Inspirert av Lydverket onsdag har vi gleda av å presentere klassisk hard-rock frå 70-talet: Deep Purple og tittelsporet frå plata Burn utgjeven i 1974. David Coverdale har overteke mikrofonen frå Ian Gillan og han tek jobben på alvor. Skru opp volumet!

Helgelyd #4

Kva er vel betre enn å innleie helga med ein indie-hit frå det glade 90-tal? Ladies and gents, Sirkus Ufjelg presenterer Sebadoh med "gladlåta" On fire.

Helgelyd #3

Gruppa Shearwater består av mellom andre Will Sheff frå Okkervil River, men musikken er mindre rock og meir melankolsk americana i gata til Will Oldham. Låta heiter 12:09. Ha ei roleg helg.

Mike Patton/Stian Carstensen på Logen

Carstensen har tidlegare fått stipend for å studere afrokeltisk folkemusikk frå Appalachene, altså bluegrass, og han er også bevandra innanfor balkanmusikken. Denne kvelden fekk vi servert dette, i tillegg til primalskrik og lydeffektar frå Mike, The Human Beat Box, og smørsang av finaste sort. Den einaste som var skuffa etter denne konserten var han med […]

Helgelyd #2

Pulling Mussels (From the Shell) med Squeeze. Ein power pop-slager frå 1979. Bør volast hardt, gjerne i bilen på veg heim. Låten er å finne på albumet med den velklingande tittelen Argybargy, og er, som sagt, ein slager. boomp3.com

The Brian Jonestown Massacre til Hove

I går vart det stadfesta at The Brian Jonestown Massacre kjem til Hovefestivalen.

Helgelyd

Indierock og afrikanske rytmer i passeleg blanding utgjer ein humørfylt mix på denne låta, som innleier helga på ufjelg.org:

Poppoesi

Dagens poptekst er frå Daft Punk sin superhit Around the world: Around the world, around the world Around the world, around the world Around the world, around the world Around the world, around the world

Storfint på Borealis

Deler av programmet til samtidsmusikkfestivalen Borealis er på plass og det er klart at sjølvsaste Mike Patton (tidl. Faith No More) skal opptre saman med trekkspel-, gitar-, banjo- og fløytevirtuosen Stian Carstensen (feks. Farmers Market, Banjovi). Framsyninga er på Landmark tysdag 26. februar.

Godt nyttår!

Biletet er teke på Beduinrock-festivalen i Middelalderparken i hovudstaden av ein som heiter Eirik. Kor vidt det oppsummerar året som har gått får vere opp til andre å vurdere. Bandet heiter Tinariwen.