Kategoriarkiv: Musikk

Klappeland

Verdas beste band står på scena i kveld

Etter at dei la opp i 1980 har ikkje Led Zeppelin spelt meir enn eit par (omlag 2) konsertar. I kveld spelar dei ein konsert til minne om tidlegare direktør i Atlantic Records, Ahmet Ertegün. Interessa før denne konserten har vore enorm og no går rykta om ein turné til neste år. Frank Nes, du […]

The real Niggy

Det er ikkje berre Radiohead som går nye vegar for å gje ut musikken sin. Saul Williams sel siste plata si, The Rise and Fall of Niggy Tardust, via nettet for ein pris som kjøparen sjølv kan velje - også gratis. Som om ikkje dette var nok: Ein kan velje mellom tre kvalitetar 192 kbps, […]

Same old thing – The Olympics

Rydd stovegolvet, her er ein sleger frå 1966 som får det til å krible langt ned i rockefoten.

La oss ta fyrstesideoppslaget!

Har de sett den nye videoen til Spice Girls? Ai ai ai. Nittitalets fjortisheltar er attende. Tobarnsmor Victoria og gjengen ålar seg lettkledd rundt i eit mørkt og tungt møblert rom. Ein slags cross-over av drapsåstad frå The Linley Mysteries og ein pornofilm. Det sjukt, men samtidig må eg berre le. Moralen er i fritt […]

Prisar skulen

Det for ein del ufjelglesarar ikkje heilt ukjende bandet Ungdomskulen stakk i går av med RiksAlarmprisen under Alarmpris-utdelinga på Sentrum Scene i Oslo. I prisen inngår turné i Noreg, øvingsfasilitetar før turnéen og showcase på By:Larm i Oslo. Prisen er eit samarbeid mellom Alarmprisen og Rikskonsertane og vinnaren vert plukka ut av ein fagjury. Eg […]

AVLYST: Popquiz

Grunna uventa omstende må diverre den planlagde quizen avlysast. Vi beklagar eventuelle ulemper dette medfører. Men frykt ikkje, quizen kjem. På fredag førstkomande kl 14 vert den første online popquizen i Ufjelg-historia arrangert. Regel: Den som får høgst poengsum innan kl 18 same ettermiddag vert kåra som vinnar. Alle tilgjengelege hjelpemiddel er sjølvsagt lov. Dersom […]

BIFF 2007

Årets BIFF-program er på nett og det inneheld mykje som virkar spennande. Nytt av året er at det også vert konsert: Sigur Rós spelar opp i forkant av visninga av dokumentaren Heima som handlar om ein turné Sigur Rós hadde på Island ifjor.

Bås

Band og artistar og musikken deira vert stadig sett i ulike kategoriar, men det er ikkje alltid at det er så lett for potensielle kjøparar å bli klok på dei stadig nye båsane. På Gardermoen låg Gøteborgs-Posten der dei melde ein del nye plater i for meg nye musikk-kategoriar. Eg nemner i fleng: indiehiphop, synt-funk, […]

Shout Out Louds: Our ill wills

Bra svensk musikk er ikkje mangelvare, men Our ill wills - andreplata til Stockholm-kvintetten Shout out louds, er likevel ei svært trivleg overrasking. Dette er strålande pop-handverk i The shins - land, og ei av årets beste plater så langt.