17. september, 2007 – 10:53
Onsdag 19. september startar andre sesong av Bob Dylan sitt framifrå radioprogram Theme Time Radio Hour opp på den amerikanske satelittstasjonen XM. I programmet spelar Bob kvalitetsmusikk med eit tema for kvart program. Tema som t.d. Mother, Drinking, Baseball, The Devil, Bible, Hair og Shoes. Kor vidt det berre er Bob som bestemmer musikken i […]
14. september, 2007 – 13:11
Ufjelg-favorittane Ungdomskulen lanserer debutalbumet sitt Cry Baby 8. oktober på etiketten Ever Records, eit underbruk av den meir kjende K7. Smakebitar, Spaghetti Bolognese-dokumentar(!) samt gratis mp3 finst på ei side hjå Ever Records.
5. september, 2007 – 16:53
Den talentfulle svensken Jens Lekman er ute med nytt materiale, og på Pitchfork er omtalen svært så god. Det er verd å merke seg både for dei som planlegg å sjå Lekman på John Dee 15. september, og for dei som framleis ikkje har lånt øyre til denne fyren.
Det står 6-6 mellom Rock og Pop i røystinga som vert arrangert ein anna stad på denne sida og det er knytt stor spenning til kva det endelege resultat vert. Røysta di kan vere med å avgjere. Takk til røystekonkurranseansvarleg Proletaren. Forslag til røystingar kan sendast til proletaren@ufjelg.org.
Det er mogleg eg slår inn opne låvedører, men: Sky blue sky-plata til Wilco er superfin. Tenkte berre å nemne det her eg sit i solsteiken og har frihelg framføre.
Gillian Welch-konserten på Lille Vega i København vart ei triumfferd alldeles. På førehand visste eg ikkje heilt kva eg kunne vente meg. Gode låtar og flinke musikarar var eg sikker på å få, og eg trudde på at det kunne verte ei sakral oppleving. Men eg visste ikkje korleis duoen ville vere på scena, og […]
For nokre dagar sidan kom Postgirobygget ut med ny plate og no altså dette. Kva blir det neste?
Isn't life strange er eit nydeleg og relativt representativt kutt frå den nye plata til The Clientele, God save The Clientele. Dette er ein parademarsj med pop-perler i fin innpakning. The Clintele høyres ut som 60-talet på sitt mest harmlause og koselege, og bør helst nytast i seine sommartimar. Kvar enkelt song på plata er […]
.... norwegian country music går i år av stabelen på Logen teater. Arrangementet startar kl 16.00 og held på til langt på natt. Tek du turen får du høve til å høyre blant anna Gram Per Person spele country cover-låtar av sin store helt, One way out synge smektande gospeltonar, Tom Sawyer & The Huckleberry […]