For nokre dagar sidan kom Postgirobygget ut med ny plate og no altså dette. Kva blir det neste?
Sjekk denne! http://fretsonfire.sourceforge.net/ Det er rett og slett ein friprogramvareversjon av Guitar Hero. Fungerer på Windows, Linux og Mac. Kjøp eit trådlaust tastatur og modifiser i vei. http://blog.keyboardsonfire.net/
Vil oppmode alle om å komme seg avgarde og sjå Hot Fuzz på nærmaste kinematograf. To timar pur moro. Eit stjernegalleri av dei sjeldne på skodespelarsida, i britisk målestokk vel og merke, som byr på ypparleg underhaldning. Filmen kombinerar humor med action og vold på ein sjangersikker og framifrå måte. Antagelig den beste politifilmen nokonsinne, og det […]
Fem barndomskameratar møtest i heimstaden Falkenberg, til ein sommar som nådelaust markerer overgongen til vaksenlivet. Framtida er uviss og skremmande, og sterk lut må til for å døyve smerten. Medisinen er dop og nostalgisk dveling ved fortida. Filmen syner fram feriestaden Falkenberg på heilt nydeleg vis, men det er svært mørke undertonar både i musikken […]
Bergenfest er i gang. Berre sjå her.
I håp om at det er plass til litt lågkultur i denne finkulturens høgborg, spanderer eg eit mål av vidunderbarnet Lionel Messi som kunne ha fått Maradona til å snu seg i grava om han hadde vore daud.
Når temaet litteratur først har kome på banen må det vere lov å tipse om følgjande lekkerbisken.
Årets tippeliga er i gang og vi er sjølvsagt tru mot tradisjonen og arrangerer tippekonkurranse. Gå til ufjelg.org/tipping for meir informasjon.
Eg vil gjere lesarane merksame på romanen Mesteren og Margarita av Michail Bulgakov. Eg er ikkje heilt sikker på kvar denne boka står i den litterære kanonen, men den kom i alle høve med i serien Århundrets Bibliotek i 1991. Sjølv høyrde eg ikkje om boka før ganske nyleg. Bulgakov skal ha jobba med romanen […]