Stumbla over ei interessant side på internetet: ageproject.specialsnowflake.com. Her får du opp bilder av folk, og så skal du gjette på alderen deira. I tillegg til det du sjølv tippar får du opp rett svar og det gjennomsnittet har tippa. Ganske interessant! Det morsomste er at du kan legge inn bilde av deg sjølv 🙂 […]
23. desember, 2005 – 23:56
I ein epost stod det følgjande: The upcoming Motorpsycho album will be a double-CD / double-LP. It's title: Black Hole/Blank Canvas It will be released on 17.03 OR 20.03 - depending on whether your country has Monday or Friday release dates (every country is different). Rockenroll all night long, seier eg. Dette var på tide.
17. desember, 2005 – 13:36
Ein ungarsk film om t-banekontrollørar, høyrest ikkje umiddelbart ut som ein superidé. Men for meg var dette den beste filmen eg har sett i år! Kontroll heiter han og er regisert av Antal Nimrod. Dette var visst debutfilmen hans. Og for ein debut! Filmen fekk 5 i Aftenposten, 6 i BT og 7,7 på IMDB.com. […]
15. desember, 2005 – 15:32
Sjølv om det er fleire personar som er meir musikkkyndige enn meg her på Doktor Munk, tek eg sjansen på å meine noko om årets plater. Eg har tross alt brukt store delar av 2005 til å lytte til musikk. Dette er dei beste platene som kom ut i året som gjekk.
11. desember, 2005 – 15:00
Då er trekninga til neste års VM unnagjort, og som venta ser det ut til å bli ein heil del interessante oppgjer. Vertslandet Tyskland skal møte Polen i Gelsenkirchen 14. juni, og med polakkane sin oppløftande kvalikk i England si kvalifiseringsgruppe, kan det bli ein tett og spanande kamp mellom dei to historiske erkefiendane. I […]
30. november, 2005 – 15:25
Eg har hatt ein noko lav aktivitet på Doktor Munk i det siste. Det skuldast for ein stor del at eg ikkje lengre har internet heime. Der eg bur har vi hatt trådlaus nett og det har vore vidåpent. Etterkvart vart det imidlertid ganske åpenbart at fleire naboar nytta seg av vårt nett, noko som […]
30. november, 2005 – 13:43
Baardemann kan i dag avsløre at han var med på laget som slo Vest-Tyskland i VM-finalen i 1966. Dette har til no vore ein vel bevart løyndom.
28. november, 2005 – 20:52
Muhammad Ali var ein ryse god boksar og for dei som har sett dokumentaren When we were kings, tek det ikkje lang tid før det går opp for ein at han også hadde det i kjeften. Mitt favorittsitat er følgjande: I done wrassled with an alligator, I done tussled with a whale, handcuffed lightnin, threw […]
20. november, 2005 – 10:43
Det er ikkje spøk å spele landskamp mot Noreg. Lørdag 19. november kunne ein lese dette i Bergens Tidende: ...Selvsagt ville det vært et høydepunkt i karrieren, og hvem ville ikke ønske å spille VM for landet sitt, sier Nedved. Likevel er det langt frem til han tar avgjørelsen. Nedved var kaptein for Tsjekkia i […]
18. november, 2005 – 13:09
Nesten påfallande mange gode bandfilmar som har kome på markedet i det siste. Denne genren består jo ofte av reine promofilmar for bandet det gjeld. Litt liveopptak og kanskje eit intervju om krisa når dei måtte få seg ny keyboardist. Men her har noko skjedd! Såg nyleg DIG! ein film om forhaldet mellom sjelefrendane i […]