Kategoriarkiv: Ymse

Karies eller berre stor i kjeften?

SK Brann sine nettsider melder om at Brann-tannbørsten endeleg er her. Dette er ein tannbørste som er spesialdesignet for bergensere og hordalendinger.

Filming!

Fotball-Noreg raser etter at RBKer John Pelu filma seg til straffespark mot Viking. Uwe Rösler vil at Terje Hauge skal legge dommarskoa på hylla for godt, og ein opprørt fotballpresident Sondre Kåfjord vil utestenge Pelu i to kampar. Men Pelu har framleis mykje å lære når det gjeld filming. Dette klippet tåler mange gjensyn:

Perfekt

Årets andre tur på Viefjellet er eit faktum. Denne gongen i arbeidstida. Midt i biletet: geit (Capra hircus).

EMTIPS 2008

Då er tippetevlinga EMTIPS 2008 klar. Viss du saknar invitasjon: send ein mail til tipping @ dette domenet

Regjeringa må gå!

Statistikken viser at den populære kroneisen kosta kun 1 krone fram til 1970. I 1986 kosta den deilige kroneisen med jordbær eller sjokolade kun 6 kroner. Kva må vi betale for kroneisen no? 17 kroner? Dette er for dumt! Kva vil prisen vere i 2020?? No må regjeringa kjenne si visitt-tid og ta hatten sin […]

Peter Phelps

Det har vore merkeleg stille rundt skodespelaren Peter Phelps i det siste. Den australske sjarmøren spelte i utallege filmar og tv-seriar i heimlandet før han endeleg slo gjennom i rolla som livvakten Trevor Cole i Baywatch. Han prøvde seg i Hollywood etterpå, og fekk ei lita rolle i Point break. På norske tv-skjermar har vi […]

– det eneste staten ghjør er og skal ha og ha

Skal vi døma etter reaksjonane på VG-nett sitt diskusjonsforum i dag, har Kristin Halvorsen sitt reviderte nasjonalbudsjett øydelagd alle framtidige sjansar for den raudgrøne regjeringa til å bli attvald. Folk er særleg vonbrotne og forbanna over avgiftsauka på bensin, ei auke som ifølgje VG vil medføre ein meirkostnad på 66 kroner i året for eigarar […]

God vinnar

Eg er i eit dunkelt hjørne i dag sidan min kjære Corolla fekk smesja vinduet for ei ussel lommebok med skarve 100 bols i, og eg synes det passar godt å tilby dykk dette framifrå videoklippet med ein mindre sympatisk pokerkar. Det er mulig det er slik de pokerspelarar oppfører dykk når de spelar profesjonelle […]

EM tipping

Kva skjer med Em-tips konkurransen i år? Blir det ikkje noko av? Det vart vel lagd ein mal forrige gang som fungerte rett så fint? Nokon som vil ta på seg å arrangere?

Lyst og Last!

Idag klokka 20:00 begynner kosthaldsserien Lyst og Last på Tv2. Det er programmet eg har vore fotograf for det siste halve året. Serien tar opp ulike aspekt ved det norske kosthaldet, og starter i kveld med å diskutere om vi har ein fedmeepedemi her i landet..