P1

Det kan til tider vere kjekt å høyre på radio, til dømes i arbeidssituasjon. Men det er ikkje alltid ein er like samd i musikken som vert spela. Då kan du når du har tid setje deg ned framfor PC-en og leite litt i arkivet og høyre på mykje fint.
Eg veit jo at ein del av Doktor Munk sine lesarar ikkje lenger kan karaktiserast som teenagers og nokre har kanskje allereie forsont seg med tanken om at dei blitt vaksne. Som vaksne er det naturleg å ha lagt P3 bak seg og gått over til P1.
I Norgesglasset sitt arkiv har eg funne ein del høyrverdige saker, til dømes vinkurs med Merete Bø frå Elysée, kåseri frå Per Inge Torkildsen og humorprogrammet Møre Banan.

Vin meg her og vin meg der

Vår eigen Proletar er redaktør for den framifrå nettstaden Vinpressa.no, og i siste innlegg rapporterer han frå redaksjonen sin årlege tur. Denne gongen gjekk turen til Voss og Nord-Europas beste vinkjellar hjå Park Hotel Vossevangen og Restaurant Elysée .

Modern times

For dei som ikkje har fått med seg det, er Bob Dylan nær ved å sleppe sitt førtifjerde album. Det skal heite Modern times, og kan kjøpast frå 28. august. Albumet inngår, ifølge Columbia records, i ein triologi som også omfattar Time out of mind og Love and theft.

Skal det vere eit krypinn?

Notar er alle sin favorittmeklar men i føljande prospekt stussar eg litt over kva dei eigentleg prøver å selgje.

Nytt frå fjern og nær

Grunna akutt mangel på kompetente skribentar held redaksjonen fram med å levere drøvtygd oppgulp frå Nye Media (TM):

  • På internett står det at Johnny Marr (han tjukke i The Smiths) er blitt med i Modest Mouse. Gå' mann, som dei seier her i byn.
  • Kamelonen i Bergen er konk. Bad stuff, altså, aldri meir forbi den blå steinen...
  • Rockehjørnet anbefalar: The Replacements - Let it be

Røvarkjøp

Kvarteret held på å planlegge haustprogrammet, og noko av det første som dukkar opp er eit realt røvarkjøp: Serena Maneesh den 19. august til 30 bols. Det er rett og slett rasande billeg.

Litt nydeleg country kan vel ikkje skade?

Tellusalie har gitt ut ny plate og deler ut eit par låtar til glede for nye og gamle lyttarar på http://www.myspace.com/tellusalie. Takkskaldeha! Dette er forsyne meg noko av det vakraste på lang tid, og skal du bruke hardt oppsparte grunkar på ei ordentleg cd-plate i sommar må det nok bli denne.

Søtt

Trio Søt spelar Motorpsycho sine låtar på nynorsk på Collets cafe i hovudstaden onsdag 16. august. Det skulle eg gjerne fått med meg...

Syd Barrett er død.

Pink Floyd sin frontfigur og låtskrivar fram til 1968, Syd Barrett døydde fredag i heimen sin. Han vart 60 år gamal.

Nord-Korea i bilete

Ein viss Artemii Lebedev har vore på tur til Nord-Korea og teke ei mengd interessante bilete: http://www.militaryphotos.net/forums/showthread.php?t=82755