9. mars opptrer svensken Dan Fägerquist på Logen Teater. Han framfører songar av den russiske visesongaren Vladimir Visotskij på svensk. Ifølge Logen Teater sine nettsider vert det "En avkledd, sviende og sterk konsert med sanger om å være til." Eg trur det kan bli bra likevel.
Sist den austerrikske elektronikakonossøren Christian Fennesz vitja Bergen vart konserten hans på Trollofonen (ein gammal trolleybuss) brått avslutta pga sterk røykutvikling. Årsaka var truleg at bremsene hadde låst seg. Fennesz klappa kjapt igjen laptopen sin og alt var over før vi hadde passert Haraldsplass sjukehus. Tysdag 14. mars er han attende. Smart som han er opptrer han denne gongen i tryggare omgjevnader, nærare bestemt Logen Teater. Med seg har han Frode Grytten. Kva Frode skal gjere, er eg uviss på, men eg tippar det har noko med lesing å gjere.
OPPDATERING: MP3-filer med Fägerquist kan lastast ned
Stickman Records har byrja å ta opp førehandsbestillingar på Motorpsycho si nyaste plate Black Hole/Blank Canvas. Plata kjem både på dobbel-LP og dobbel-CD, samt ei dobbel-CD-utgåve i avgrensa tal. Utgjevingsdatoen for plata er fredag 17. mars.
Litt før jul hadde vi ein artikkel om portvin. Sidan talet på lesarar har auka ein del sidan den tid, er det på sin plass med ein liten oppfriskning på dette særs viktige fagfeltet, så her er ei lenke til artikkelen.
27. februar, 2006 – 16:46
Politiet i Oslo har satt igang ein storstila aksjon for å få bukt med salget av hasjis ved Akerselva. Den siste tida har dei arrestert over 100 personar i det dei skulle kjøpe. Dei vart alle kasta på glattcelle, noko som ifølgje politet er rett og rimeleg. Men det stoppar ikkje der; i Aftenposten kan vi lese kva følgjer det vil få for framtidige studie og jobbmuligheter om ein har eit hasjkjøp på rullebladet. Og det er ikkje få karrierer som går fløyten for dei uheldige; eg siterer i fleng: Flygeleder, brukshunddommer, låsesmed, Natteravn (i Oslo), meklar i konfliktrådet, ulike stillinger i selskapet Norwegian, politi og eigedomsmegler.
Så det er berre å sitere Eminem: "Don`t do drugs!"
Her er heile lista.
21. februar, 2006 – 20:24
Det var stinn brakke og stormande jubel då duoen Muddy Mojo, beståande av Per Berg og Ronny Fimland, entra scena på Bahran laurdag 18. februar. Karane har øva intenst dei siste vekene og det var knytt stor spaning blandt dei 30-40 tilhøyrande om dette hadde vore vel investert tid.
Les meir »
20. februar, 2006 – 13:46
Det er vel på på høg tid å tilrå ei bok, og då fell valet på den seinaste romanen til Tormod Haugland, I den sjette verda. Boka handlar om dei to eigedomsmeklarane Valden og Karlsson som kjem til ei lita vestlandsbygd for å selje ein eigedom. Det viser seg fort at Valden har heilt andre motiv med besøket. Han er oppvaksen i bygda og forlot kona og dottera her for mange år sidan. Det er ikkje berre byrjinga som minner om klassisk western, faktisk er heile boka bygd etter denne lesten. Valden er fast bestemt på å vinne attende kvinna som han framleis elskar, og dessutan er han full av planar og idear for framtida. Men ikkje alle i bygda er glade for at Valden er komen attende, og snart er det duka for forviklingar. Heimkomsten er det sentrale temaet i Haugland si bok, og han drøftar dette på sin heilt særeigne og svært så fornøyelege måte.
20. februar, 2006 – 13:05
I kveld klokka 22.45 sender Tv2 dokumentaren Mannen uten fortid, som handlar om den største nolevande forfattaren i Noreg, Dag Solstad. Filmen fekk til dels rosande omtale i Morgenbladet laurdag, så dette kan bli kjekt.
16. februar, 2006 – 14:27
Førstkomande laurdag svingar duoen Muddy Mojo gitarar, trekkspel og diverse perkusjonseffektar for eit lite men interessert publikum på Bahran. Muddy Mojo framfører eigne låtar heimehøyrande i blues- og roots-land med stor sjarm og godt humør, utan at dèt går utover kvaliteten.
15. februar, 2006 – 10:35
Og for eit program! Etter fjorårets litt skuffande program er no Frank Nes & Co klare med noko som i underteikna sine auge er tipp-topp. Mildt sagt. Chris Hillman (ex The Byrds og Flying Burrito Bros) og kumpanen Herb Pedersen er tilbake med sin fantastiske bluegrass. Denne konserten var det desiderte høgdepunktet i 2003 og det er vel ingen grunn til at det ikkje vert det i år òg. Andre nyheiter som vart lansert idag er den kanadiske supergruppa The New Pornographers, countrybluesaren William Elliot Whitmore, norgesvenene Legendary Shack Shakers, USAs beste bluegrassband (offisielt) Chatham County Line, Dumdum Boys og hiphopmisteren Guru's Jazzmatazz. Frå før er bl. a. Josh Rouse, Teddy Thompson, Alex Chilton, Tift Merrit og The Stooges klare. Her er det berre å knuse sparegrisen.
Festen går av stabelen 28. april - 6. mai. Les meir på Bergenfest.no.