Medan konsertredaksjonen sit på ræva og gremmest over det sparsommelege konserttilbodet i Bergen denne våren, har Oslo-gjengen lansert eit uslåeleg tilbod onsdag 1. februar: For The Sake Of The Song - en hyllest til TOWNES VAN ZANDT. Cafe Mono lovar kjente andlet som Paal Flaat, Martin Hagfors og Robert Buraas, samt overraskingar.
Det vert gjort merksam på at vi kjem attende med oppdatert kvartalsbasert konsertkompass for Bergen om ikkje altfor lenge. (Og i ein parantes vert nemnast det at bl. a. Josh Rouse, Teddy Thompson og Bettye Lavette kjem til Bergenfest, men det er jo ikkje før om 5 månader.)
I går høyrde eg den nye singlen til Marit Larsen, sist sett som halvparten av ungpikebandet M2M. Og dette var fine greier! Don't save me heiter sangen som er A-lista på P3. La oss høyre kva NRK.no seier om A-lista:
Hits som alle har eller vil få et forhold til. 13 låter der hver låt spilles med ca. tre timers mellomrom. Hører du på alle dagtidssendinger på Petre i løpet av en hel uke, vil du ha hørt alle a-låtene ca. 25 ganger.
Dersom de skrur radioen på NRK sitt program 3 er det altså store sjansar for at de vil få høyre denne etter kvart. Ein fin poplåt som minner om Cardigans, Eggum, Ephemera og Mitchell.
Stumbla over ei interessant side på internetet: ageproject.specialsnowflake.com. Her får du opp bilder av folk, og så skal du gjette på alderen deira. I tillegg til det du sjølv tippar får du opp rett svar og det gjennomsnittet har tippa. Ganske interessant! Det morsomste er at du kan legge inn bilde av deg sjølv 🙂
Enkel underhaldning for enkle sjeler.
23. desember, 2005 – 23:56
I ein epost stod det følgjande:
The upcoming Motorpsycho album will be a double-CD / double-LP.
It's title: Black Hole/Blank Canvas
It will be released on 17.03 OR 20.03 - depending on whether your country
has Monday or Friday release dates (every country is different).
Rockenroll all night long, seier eg. Dette var på tide.
22. desember, 2005 – 16:19
Dette bildet inneholder referanser til 74 band/artister. Hvor mange klarer du?
http://www.groove.no/img/virgindigital1024x768.jpg
20. desember, 2005 – 20:12
Det vert sagt at raudvin er for gutar, medan portvin er for menn. I denne artikkelen hoppar vi galant over å disktuere d�t, men prøver istaden å gje ei kort innføring i kva portvin er og korleis ein kan få mest mogleg glede ut av ei flaske, og forhåpentlegvis fleire. Artikkelen er mynta på deg som er nyfiken, men ikkje veit kor du skal starte og for deg som kanskje har prøvd deg på eit glas eller to men kanskje vart litt skuffa. Bli med vidare, vi trur du kjem til å få eit par aha-opplevingar.
Les meir »
17. desember, 2005 – 13:36
Ein ungarsk film om t-banekontrollørar, høyrest ikkje umiddelbart ut som ein superidé. Men for meg var dette den beste filmen eg har sett i år! Kontroll heiter han og er regisert av Antal Nimrod. Dette var visst debutfilmen hans. Og for ein debut! Filmen fekk 5 i Aftenposten, 6 i BT og 7,7 på IMDB.com. Har du ikkje sett han, så skaff på DVD!
15. desember, 2005 – 15:32

Sjølv om det er fleire personar som er meir musikkkyndige enn meg her på Doktor Munk, tek eg sjansen på å meine noko om årets plater. Eg har tross alt brukt store delar av 2005 til å lytte til musikk. Dette er dei beste platene som kom ut i året som gjekk.
Les meir »
11. desember, 2005 – 15:00

Då er trekninga til neste års VM unnagjort, og som venta ser det ut til å bli ein heil del interessante oppgjer. Vertslandet Tyskland skal møte Polen i Gelsenkirchen 14. juni, og med polakkane sin oppløftande kvalikk i England si kvalifiseringsgruppe, kan det bli ein tett og spanande kamp mellom dei to historiske erkefiendane. I gruppe B skal Sven Gøran Erikson leie britane i kamp mot sitt eige heimland Sverige, i ein kamp som vil bli møtt med massiv interesse. Det blir kjekt å sjå Rooney og Zlatan briljere på same bane. I gruppe C er det duka for kamp mellom to verkelege gigantar når mesterskapsfavorittane Argentina og Nederland brakar saman. Desse to har stått for fleire klassiske oppgjer oppgjennom historia, og denne kampen kan fort bli ein i den kategorien. Med seg i gruppa har desse to fått eit Serbia med ein imponerande kvalifisering bak seg, og kanskje det beste laget frå Afrika, Elfenbeinskysten med Didier Drogba på topp. Italia mot Tsjekkia er eit anna oppgjer med mykje kvalitet på bana. I gruppe F skal legenden Zico leie eit Japan i stor framgang mot heimlandet og storfavoritten Brasil. Spanande kan det og bli å sjå om Ukraina er så bra som dei verka å vere i kvalikken. Det får vi kanskje svar på når dei møter Spania i Leipzig 14. juni. Dette blir utruleg kjekt!!
30. november, 2005 – 15:25
Eg har hatt ein noko lav aktivitet på Doktor Munk i det siste. Det skuldast for ein stor del at eg ikkje lengre har internet heime. Der eg bur har vi hatt trådlaus nett og det har vore vidåpent. Etterkvart vart det imidlertid ganske åpenbart at fleire naboar nytta seg av vårt nett, noko som i og for seg ikkje var noko problem. Men det er rart med det; innimellom kjente eg irritasjonen stige over at nokon snylta på noko som var "mitt". Så eg bestemte meg for å stenge nettet. Eller kryptere det som det så fint heiter. For å gjere ein lang (og særdeles irriterande, provoserande, langdryg og fortvila) historie kort, så sparka eg meg sjølv ute av nettverket. Og eg klarar ikkje å fikse det. Så no må eg skrive mine mail og gjere mi surfing på jobben, med mistenksomme blikk frå sjukepleiarar og aukande dødsrate på avdelinga som følgje.
Moralen er: internettet må delast!