21. oktober, 2005 – 15:43
Vi avbryter BIFF med ei viktig melding:
I samråd med representantar frå Ungdomskulen la eg nokre mp3s frå sjutommarane som nyleg kom ut, på nett. No har amerikanarane i Pitchforkmedia fått snurten i det. Sjå kva resultatet vart på pitchforkmedia.com.
Dersom de får problem med å komme inn på Doktor Munk og liknande framover, har det ei forklaring.
Og for dei av dykk som ikkje gidd leite: Resten av mp3sa ligg på http://ufjelg.org/ungdomskulen.
19. oktober, 2005 – 21:12
I følge samfunnsrefser par excellence Eric Cartman fra fjellbyen South Park,
handler alle filmfestivalfilmer om homofile cowboyer som spiser
sjokoladepudding. Etter å ha gått igjennom festivalprogrammet for BIFF har jeg
funnet at kun en film handler om homofile cowboyer. For dem som liker denslags
anbefales herved "Brokeback Mountain" av Ang Lee, som vant Gulløven ved årets
filmfest i Venezia.
Som relativt perifer arbeider i stiftelsen Bergen internasjonale filmfestival
har jeg fått sett en del av filmene, og hørt litt sladder om andre. Her følger
min vurdering av hva man kan bør få med seg om man befinner seg mellom de syv
åskammer i løpet av den kommende uken. Tidspunkt og billettinformasjon finnes på
www.biff.no.
Les meir »
12. oktober, 2005 – 20:39
Kamelon arrangerer onsdag 19. oktober ein gratiskonsert til støtte for kampen mot avtalen Bergen kommune planlegg med Clear Channel, eller som nettsidene til Kamelon seier: "[...]konserten er et ledd i arbeidet med å få politikerene til å snu i tide og bevare Bergens egenart".
Så langt er Kings of Convenience, Karin Park, William Hut og MAO klare.
For dei som er så heldige å ha ein platespelar tilgjengeleg, kan dei tre sjutommarane (som er same format som ein single) frå rockarane i Ungdomskulen anbefalast på det sterkaste. Platene kan bl.a. kjøpast hjå Apollon i Bergen og på nettstaden med snedige namnet Shitfuckyou. Prisen er kr 50 pr stk.
Pålitelege rykte kan fortelje at Ungdomskulen-karane for tida er litt opptekne med andre ting som t.d. å spele med Ai Phoenix og på Röyksopp sin europaturne.
I førre veke var det duka for ein historisk konsert på Chateu Neuf i Oslo. Då urframførde nemleg Trio Søt fem låtar av Motorpsycho i nynorsk språkdrakt og med nye arrangement. Det heile er dokumentert med opptaksbasert utstyr og kan spelast av med passande edb-basert programvare.
Låtane som dei spelte var Ventande på den eine, Pillar, pulver og kjenslespel, Nå er det skøytetid, Stjernesmelt/elskovsljos og Stort sjokk
Som relativt stor fan av Motorpsycho må eg innrømme at dette var eit svært så kjærkome innslag. Moroa finn de på Motorpsycho sin nettstad. Adresseavisa har meir om Trio Søt.
I perioden 6.- 9. oktober vert det arrangert 'Cowboy & Indianer Weekend' i Oslo og Bergen. Arrangør er bl. a. redaksjonen til radioprogrammet Cowboy & Indianer. Blant artistane finn ein t.d. det herlege kommunistcountry-bandet MAO (som spelar country & eastern) med folk frå Real Ones (bombe) og Sgt. Petter, samt Devil in a Woodpile og Lars Winnerbäck. I tillegg skal det vere gospelbrunch (berre i Oslo) med bl.a. Elias Akselsen. Det vert nok heilt framifrå!
Meir om programmet på www.cowboy-indianerweekend.nu og groove.no.
Eg har installert ein liten sak som skal gjere handteringa av kommentar-spam litt enklare (for meg). Skulle det skje at kommentaren din ikkje viser, send ein mail til drmunk @ dette domenet og eg skal fikse det så snart som råd.
28. september, 2005 – 00:32
På denne dagen, som er fødselsdagen til Fjernsysshowlegenden Ed Sullivan, filmskodespelarane Marcello Mastroianni og Brigitte Bardot, og songaren Ben E. King, og dessutan dagen for slaget om Arnhem i 1944 og i tillegg dagen då Marvin Gaye fekk ei stjerne i Walk of fame i Hollywood i 1990, gratulerer vi Snorre B. med tredveårsdagen!

(Biletet er av Marcello Mastroianni)
27. september, 2005 – 14:04
BT kunne å går melde om at Martin Scorsese sitt filmportrett av Bob Dylan er klart for Biff. Filmfestivalen Biff går av stabelen frå 20. til 26. oktober i år.
25. september, 2005 – 21:23
I morgon er det premiere på tv-serien eg har jobba med dei siste månadane, Heia Tufte.
21.30 på Tv-Norge. Håper dokke får sett det:)
http://www.tvnorge.no/programmer/heia_tufte/episoder