fakta på lørdag!

I morgon går filmen eg har vore med å laga "Fra hver sin verden" på fakta på lørdag kl. 22.05! Endeleg, nesten tre år etter dei første opptaka er den no moden for offentleg visning på statskanalen. Håper så mange som mulig av dokke sett av tid til å sjå den i morra!!

http://www.dagbladet.no/magasinet/2005/08/26/441459.html

Noko å glede seg til

Ja!
Endeleg kjem Dave McKeans første spelefilm, og manuset er skrive av –sjølvsagt– Neil Gaiman!
Dei som frekventerar teikneseriebutikkar, feks. Avalon, kjenner kanskje denne duoen frå før og veit at desse to er markante storleikar til gjenstand for kopiering, heltedyrking og fanklubbar over heile verda. Historiane til Neil Gaiman vert suverent akkompagnert av illustrasjonstalentet til McKean, og saman har dei gitt ut bøker og teikneseriar med heilt spesielle stemningar og sær eigenart. McKean brukar mykje collage, og om de tar ein titt på traileren til filmen vi snakkar om her, Mirrormask, vil de sjå ei fantasiverd heilt i McKeans ånd. 3D-orgie, seier du? Meir! Meir!
www.apple.com/trailers/sony_pictures/mirrormask.html

Tips til musikknerdar

Ei artig supplement til musikknerdane på Doktor Munk.
Her.

The time is space and vica versa

No i desse lagnadstunge tider med stadig aukande overvaking og oppsprett av nye web-cams over alt er det heilt klart på sin plass å lese dystopien/novella Tidsscanneren av Jostein Gaarder. Den finst i den skjønnlitterære debuten hans Diagnosen og andre noveller, standing in a shelf in a library near you!

Nytt album frå Neil Young

Neil Young har overstått hjerneoperasjon og gir ut sitt nye album 20. september. Det skal heite Prairie Wind. Mine forventningar er noko avmålte etter det svake Are you passionate? og det respektable Greendale.

Nett-tips

For dei av dykk som ligg under for den søte kløe, så kan eg fortelje at Roy Hersh, som har hatt gåande eit newsletter for portvin, no har fått opp ei ny og oppgradert side for si interesse som er portvin og madeira. For the love of port er nok av dei betre sidene om portvin på nettet. Her er det mykje flott info og engasjement, og det er gratis. (For dei som investerer borna sin arv i essensen av pinot noir så har Allen Meadows eit newsletter for Burgund, men det kostar 110 dollars i året. Men så er nok godaste Allen ein av dei mest kunnskapsrike på Burgund.) Sida kan verke noko elevert for den uinvidde, men det vil nok kome eit lite introduksjonsprogram for portvin her på Doktor Munk i den næraste framtid. Det har i allefall Håvard truga med opp til fleire gonger.

Og hugs:

"Livet er for kort til ikkje ein gong i blant å svi av nokre lappar på ei flaske av aller høgaste kvalitet"

- Ukjend -

På bokfronten

Har lese romandebutant George Hagen si Familien Lament, om ein familie som stadig er på reisefot i eit forsøk på å finne ut kvar dei høyrer heime. Rasisme og fordommar er underliggande motiv, i ein melankolsk og til tider gripande roman som av og til blir for sentimental. Portnoys besværlige liv er skriven av Phillip Roth og utgitt i 1967. Boka inneheld ein tilsynelatande endelaus monolog framført av hovudpersonen sjølv, Portnoy. Han bretter ut sitt miserable liv i ein tirade der sexdrift og skamkjensle dominerar. Romanen inneheld enkelte interessante og morosame passasjar, men som heilskap er den skuffande. Så har eg lese Dag Solstad si bok av 1999: T.Singer. Eg vil nok aldri slutte å la meg begeistre av Solstad si særeigne evne til å skrive gnistrande, eksistensielle tekstar om det banale og kvardagslege.

Kva blir det neste?

Den ikkje fullt så uavhengige nettstaden Pitchforkmedia rapporterer at Jeff Mangum, geniet bak platene In the aeroplane over the sea og On avery island har vist seg på ei scene saman med Olivia Tremor Control. Eg håpar det betyr at han trenar til noko stort.

Dokumentasjon

Her er det endelege provet på at det eksisterer ei kaffistove på Husnes med eit velklingande namn:

Skiltet

Takk til Rune for observasjon.

Masfjordhelg

Kona og eg reiste førre helg ein tur til Masfjorden, der me har eit feriehus. Sju andre ungdomar var så heldige å få vere med. Det vart bading, fisking, soling og lesing. På sundagen vart det endåtil ein tur til fjells.

Veret var med oss og me fekk nok fisk til suppa på laurdagskvelden. Eg fekk også kome meg nokre sider vidare i boka av Murakami.