27. februar, 2006 – 16:46
Politiet i Oslo har satt igang ein storstila aksjon for å få bukt med salget av hasjis ved Akerselva. Den siste tida har dei arrestert over 100 personar i det dei skulle kjøpe. Dei vart alle kasta på glattcelle, noko som ifølgje politet er rett og rimeleg. Men det stoppar ikkje der; i Aftenposten kan […]
21. februar, 2006 – 20:24
Det var stinn brakke og stormande jubel då duoen Muddy Mojo, beståande av Per Berg og Ronny Fimland, entra scena på Bahran laurdag 18. februar. Karane har øva intenst dei siste vekene og det var knytt stor spaning blandt dei 30-40 tilhøyrande om dette hadde vore vel investert tid.
20. februar, 2006 – 13:46
Det er vel på på høg tid å tilrå ei bok, og då fell valet på den seinaste romanen til Tormod Haugland, I den sjette verda. Boka handlar om dei to eigedomsmeklarane Valden og Karlsson som kjem til ei lita vestlandsbygd for å selje ein eigedom. Det viser seg fort at Valden har heilt andre […]
20. februar, 2006 – 13:05
I kveld klokka 22.45 sender Tv2 dokumentaren Mannen uten fortid, som handlar om den største nolevande forfattaren i Noreg, Dag Solstad. Filmen fekk til dels rosande omtale i Morgenbladet laurdag, så dette kan bli kjekt.
16. februar, 2006 – 14:27
Førstkomande laurdag svingar duoen Muddy Mojo gitarar, trekkspel og diverse perkusjonseffektar for eit lite men interessert publikum på Bahran. Muddy Mojo framfører eigne låtar heimehøyrande i blues- og roots-land med stor sjarm og godt humør, utan at dèt går utover kvaliteten.
15. februar, 2006 – 10:35
Og for eit program! Etter fjorårets litt skuffande program er no Frank Nes & Co klare med noko som i underteikna sine auge er tipp-topp. Mildt sagt. Chris Hillman (ex The Byrds og Flying Burrito Bros) og kumpanen Herb Pedersen er tilbake med sin fantastiske bluegrass. Denne konserten var det desiderte høgdepunktet i 2003 og […]
12. februar, 2006 – 15:24
Dei som treng oppmuntring i vintermørket bør sjå hit. På sitt nyaste album spelar The Elected fjørlett og sommarvarm vestkystpop blanda med countrypop a la Bright eyes. Resultatet er kriminelt fengande og umiddelbart iøyrefallande musikk. Mannen bak plata heiter Blake Sennett og han spelar til vanleg i bandet Rilo Kiley.
10. februar, 2006 – 19:30
Det har lenge vore klart at Pierce Brosnan takkar for seg som 007, og som vanleg er det ein heftig diskusjon om kven som som skal bli den neste James Bond. Jude Law, Clive Owen og Ewan McGregor var lenge heite namn, og den siste tida har Daniel Craig verka så godt som klar for […]
Skottane i Belle & Sebastian har nett servert si seinaste plate, The Life Pursuit, og eg ser ikkje anna utveg enn å kåre spor nummer to, Another Sunny Day, til vekas låt. Den er ein fabelaktig countrypoppar med det nydelegaste gitarspel og herleg koring ifrå mai til august. Og som ikkje det var nok, dei […]