Ny helg – ny gladnyhet

Noko av det aller mest positive med finanskrisa er at eigedomsmeklarane er blant dei som sliter hardast. Notar må kunne seiast å vere av dei aller verste, difor blir nyheten om at Notar sparker 100 ansatte motteken med ein stor grad av skadefryd. Ikkje berre skadefryd; eg føler ekte glede!

Christian Dreyer, leiar i Norges Eiendomsmeglerforbund (NEF), hadde nyleg ein sterk appell i Dagbladet.

Dreyer ser med stor gru på at bankane har vorte strengare med å låne ut pengar. Bankane må skjerpe seg! Kva vil skje om det blir slutt på den lånefinansierte forbruksfesten ?!?

At politikarane finner det "provoserande" og "uforståande" at bankane ikkje setter ned utlånsrenta når dei fekk 350 mrd i redningspakke er ein annan sak. Kanskje burde dei som godkjente denne redningspakka vore litt skeptisk til at dei som i stor grad konstruerte finansbobla også fekk bestemme korleis redningspakka skulle sjå ut?

Sjå også

Ein kommentar

  1. korsi
    Posted 31. oktober, 2008 at 16:15 | Permalink

    Kan ikkje seie meg meir einig. Sjølv ikkje oppsmuldring av aksjefonda mine set nokon dempar på gleda over finanskrisa.

    Eg håpar berre at folk klarer å forstå at det er trua på evig vekst i forbruket som er årsaka til krisa.

    Heia finanskrisa, og heia eit meir fornuftig forbruksmønster