Kategoriarkiv: Bøker

The time is space and vica versa

No i desse lagnadstunge tider med stadig aukande overvaking og oppsprett av nye web-cams over alt er det heilt klart på sin plass å lese dystopien/novella Tidsscanneren av Jostein Gaarder. Den finst i den skjønnlitterære debuten hans Diagnosen og andre noveller, standing in a shelf in a library near you!

På bokfronten

Har lese romandebutant George Hagen si Familien Lament, om ein familie som stadig er på reisefot i eit forsøk på å finne ut kvar dei høyrer heime. Rasisme og fordommar er underliggande motiv, i ein melankolsk og til tider gripande roman som av og til blir for sentimental. Portnoys besværlige liv er skriven av Phillip […]

Ein av dei hundre beste

Ser i ein kommentar av Nøste Kendzior i Dag og Tid frå 09.07.05 at ein del norske professorar meiner at Vi morer oss til døde er ein av dei hundre viktigaste sakprosabøkene i vår tid. Boka er no tjue år gamal og ho kom på norsk i 1987. Forfattar Neil Postman kritiserer fjernsynet for fragmentering […]

Dei hundre beste

I 1991 vart det i Noreg nominert bøker til Århundrets Bibliotek, som skulle omfatte dei 100 beste, mest sentrale bøkene i det 20. århundre. På oppdrag fra De norske Bokklubbene kåra seinare 100 forfattere frå 54 land det såkalla Verdensbiblioteket. Eg vil ikkje vere dårlegare. Her er lista over dei hundre beste bøkene eg har […]

Kva las du no?

Eg forsøker å orientere meg litt i samtidslitteraturen og har difor lese Jon Øystein Flink: Bort med den dagen da Jon ble født, Vidar Sundstøl: Kommandolinjer, og Morten Øen: Øyets trang til mykhet. Eg kjem ikkje til å hugse nokon av desse med glede. Tahar Ben Jelloun: Dette blendende fravær av lys, svarte heller ikkje […]

Carl Frode Tiller: Bipersonar

Carl Frode Tiller imponerar med sterke personskildringar og psykologisk innsikt, men han kjem ikkje heilt i mål med andreboka si.

Lars Ove Seljestad: Blind

Debutromanen til smelteverksarbeidarsonen Lars Ove Seljestad frå Odda er både spanande, velfortalt og vond å lese. Blind er eit oppsiktsvekkande godt debutarbeid.

Dag Solstad: Ellevte roman, bok atten

Bjørn Hansen er 50 år og lever eit tilsynelatande normalt liv som kemner i Kongsvinger. Frå utsida framstår han som relativt vellukka, men i sitt indre blir han stadig meir desillusjonert. Dag Solstad sin roman frå 1992 er mørk og pessimistisk. Den representerer det aller fremste av forfattarskapen til Solstad, og difor det fremste av […]