Ei ny Spotify-liste er ute, også denne gongen heilt utan nokon raud tråd - bortsett frå at alt er prima vare. Bare bra musikk 3 Tidlegare lister: Bare bra musikk 1 Bare bra musikk 2
[Oppdatering:]Filmen går visst ikkje å embedde lenger, men den kan sjåast på YouTube. Det vert spekulert i om det er Ben Folds som står bak følgjande meisterverk. Eg veit ikkje, men det er den beste Internetthumoren eg har sett på lange tider. Iallfall på fleire timar. Via nrkbeta.no.
16. desember, 2009 – 11:23
Representantar frå det dynamiske, men ikkje fullt så unge, kontorfelleskapet i Møllendalsveien har nytta føremiddagen til å lage følgjande friske Spotify-speleliste. Dette er ekte ræggi, slik som den var på Ti i skuddet i 1991.
26. november, 2009 – 10:22
Vi har tidlegare hatt stor glede av hiten Aibel Song ("Der e du - her e me"), og etter nærmare research ser eg konturane av, for meg, ein hittil ukjend musikksjanger: Company music.
21. november, 2009 – 10:11
Spotibot generer spelelister ut frå ein gitt artist, basert på last.fm-statistikk. Kult, kult, kult. Dette har eg venta på.
18. november, 2009 – 09:43
Bob sin siste musikkvideo, frå juleplata som nyleg kom ut.
Etter Wolfgang Amadeus Phoenix er Seek Magic frå Memory Tapes den mest catchy pop-skiten eg har høyrt dette året.
Dette er noko av det vakraste eg har høyrt på lenge.
Det er ei stund sidan ny og/eller ukjend musikk har vore så kjekt som no etter at Spotify dukka opp. Eg har oppretta ei kollaborativ speleliste og lagt til tre hits og oppfordrar alle til å gjere det samme. Post gjerne ein kommentar med kva du har lagt til.
Skriv inn følgjande i søkefeltet til Spotify for å sjå kor mange sangar du har tilgang på totalt: year:0-3000. Sorter så dette på popularitet og sjå kva som er mest populært. Hoho, artig.