Alternativ medisin er i vinden som aldri før. Snåsamannen og hans kolleger vert omfamna og applaudert av politikarar og profilerte samfunnsaktørar. Skepsis er heilt klart på vikande front. Når edruelege folk prøver å argumentere seriøst og vise at healing, homeopati, kinesiologi, etc etc faktisk aldri har vist å ha nokon som helst effekt, er det som motargument nok å kviskre at debattanten tilhøyrer den håplaust gamaldagse og sneversynte sekta "skulemedisin". Les meir »
Norsk Bane har kome med nye og fresje sider. Høvet er rapporten frå Deutshe Bahn om høgfartsbaner i Norge. Dei har laga detaljerte analyser og planer for høgfartsbaner mellom Oslo - Trondheim, Bergen, Haugesund og Stavanger.
Rapporten slår fast at utbygging av høgfartsbaner i Sør-Norge, med reisetid på 2,5 timar Oslo - Bergen og Oslo - Trondheim, vil vere samfunnsøkonomisk lønsamt med ein faktor mellom 2 og 3, over ein periode på 30 år etter fullføring av kvar bane.
Regjeringa legg fram nasjonal transportplan 5. juni. Det er lite som tyder på at regjeringa vil satse noko særleg på høgfartsbaner. Kva må til for at politikarane skal tore å satse på lønsame prosjekt?
Det er ei stund sidan ny og/eller ukjend musikk har vore så kjekt som no etter at Spotify dukka opp.
Eg har oppretta ei kollaborativ speleliste og lagt til tre hits og oppfordrar alle til å gjere det samme. Post gjerne ein kommentar med kva du har lagt til.
Ifølgje ny forsking finst det no prov på at ein blir meir vaken av å sove lenge jamført med å sove kun i eit kort tidsrom. Dette kan ein lese om i The Scandinavian Journal of Clinical & Laboratory Investigation.
Om konklusjonen verkar noko skråsikker, tek i det minste ein professor ved Det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen og Nasjonalt kompetansesenter for søvnsykdommer litt høgde for divergerande syn:
"Dersom vekkerklokken hadde vært stilt på et annet tidspunkt, kunne resultatet ha blitt annerledes."
Uansett - det er verd å merke seg at den menneskelege organisme av og til treng kvile.
Camera Obscura er eit band som til no har unngått ufjelg-radaren sjølv om minst ein (meg) av dei som skriv i bloggen hadde stor glede av det førre albumet. No er skottane ute med ny plate, og eg er framleis positiv. Dette er lettbeint, upretensiøs og innsmigrande popmusikk med fin ungpikevokal. Ikkje overvettes originalt, men nokså sjarmerande og koseleg. Her er ein smakebit frå My maudlin career:
Av baardemann|Publisert i Helgelyd|Kommentarar avslått på Helgelyd på frigjeringsdagen