25. juni er det igjen klart for Rock bortom nova. Programmet er ikkje klart endå men dersom alt går som planlagt, vert det svært bra. Vi kjem attende med nærare informasjon straks programmet er offentleggjort.
Arrangementet går føre seg på Klopstad mellom Naustdal og Førde.
Carl Frode Tiller imponerar med sterke personskildringar og psykologisk innsikt, men han kjem ikkje heilt i mål med andreboka si.
Les meir »
Eg vart beden om å skrive ned nokre ord i høve at Doktor Munk forum no har skifta litt på layout-en, som det heiter inni Oslo. Det er både med glede og ikkje så lite tvisyn eg tek imot dette oppdraget.
I desse dagar då vi gjerne ser litt attende, etter 100 år i fridom frå svenskar og det som verre er, så må vi også sjå framover. For kva er det no vi kan skimte i horisonten av vår vesle tilmålte tid? Det kan synast fånyttes å springe frå denne globaliseringa. Sjølv om vi har trekt nisseluene så langt ned vi kan, så kjem også verda til vesle Noreg. Så korleis skal vi møte denne straumen av nye ting, kulturar, menneske, informasjon og inntrykk? Jau, vi skal stå nølande på trammen med eit usikkert smil og bede alt dette nye inn i stova på litt tynn kaffi og nokre tørre kanelgiflar, og så kan vi setje oss i stolen og høyre litt på dette litt skumle men spanade som rører seg det ute. Og vi seier kanskje ikkje så mykje, men i det dette store og no litt mindre skræmande skal spenne på seg skorne og vende attende til den store verda, stotrar vi kanskje fram; Me kan vel kanskje snakkast? Om ikkje anna så på Doktor Munk? Verda nikkar, får så brukarnamn og passord og går vidare.
Eg skal forresten helse så mykje frå Waglen. Han stod framfor meg i billettkøen i KP. Han tykte det var no vel mykje utskifting og fjas, men ynskte lukke til. Dessutan kom han ikkje til å skrive noko på forumet før det vart fleire meldingar av kannibalfilmar.
Ps: Eg spurde dama i billettluka kva film han framfor meg hadde kjøpt billett til. Og eg vart noko overraska då ho svarte Vanity Fair.
Ingenting er konstant i edb-verda, og Doktor Munk har teke på seg nye klede. Publiseringssystemet er óg skifta ut og det er forhåpentlegvis lettare å bruke enn det gamle. Mykje er forskjellig frå tidlegare, men eg trur ikkje det skal by på vanskar for den jamne edb-brukar å gjere seg kjent meg korleis ting fungerer. Det er naturleg å frykte ukjente grunner, men eg kan forsikre alle om at det er eit trygt farvatn, heilt fritt for glatte steinar og undervasskjer. Velkommen!
Praktisk informasjon:
- Alle som var registrerte på "gamle" Doktor Munk må registrere seg på nytt. Det er sjølvsagt mogleg å nytte ein anna brukarnamn enn tidlegare.
- For å gjere publisering lettare, har vi laga ei brukarrettleiing, den finst ein stad i menyen til venstre.
- Det er óg høve til å poste bilete, noko eg vonar de vil nytte dykk av.
Litt informasjon er på sin plass, om enn noko kortfatta.
Les meir »
Sidan vi har skifta til nytt publiseringssystem på Doktor Munk, har vi laga ei lita rettleiing som kanskje kan vere med på å gjere det lettare å skrive nye innlegg og kommentarar. Kom gjerne med kommentarar til rettleiinga, feks. manglar og uklare ting.
Les meir »
Den kjende syngedama Lucinda Williams skal halde konsert i Glasgow 27.juli i år, og det finst framleis ledige billettar her. Eg er uansett i Storbritania på den tida, og det er godt mogeleg at eg er i nettop Glasgow. Dersom du tilfeldigvis har lyst til å vere med på denne konserten, hadde det vore heilt topp. I augneblinken kostar ein billett London - Glasgow t/r med Ryanair 350 NOK inkl. skattar og avgifter.
Debutromanen til smelteverksarbeidarsonen Lars Ove Seljestad frå Odda er både spanande, velfortalt og vond å lese. Blind er eit oppsiktsvekkande godt debutarbeid.
Les meir »
30. november, 2004 – 10:01
Bjørn Hansen er 50 år og lever eit tilsynelatande normalt liv som kemner i Kongsvinger. Frå utsida framstår han som relativt vellukka, men i sitt indre blir han stadig meir desillusjonert. Dag Solstad sin roman frå 1992 er mørk og pessimistisk. Den representerer det aller fremste av forfattarskapen til Solstad, og difor det fremste av nyare norsk litteratur.
Les meir »