Ei ny Spotify-liste er ute, også denne gongen heilt utan nokon raud tråd - bortsett frå at alt er prima vare. Bare bra musikk 3 Tidlegare lister: Bare bra musikk 1 Bare bra musikk 2
Ungdomskulen si andre plate heiter Bisexual og vert gjeve ut ein av dei nærmaste dagane. Om du er utolmodig, eller slutta å kjøpe plater, kan du høyre heile driten på Myspace. Noko seier meg at den også er å få kjøpt på iTunes.
18. desember, 2008 – 20:11
Berre så det er sagt: Er du det spor interessert i musikk og ikkje er på Spotify, så er du heilt ute. Fullstendig ute. Spotify er, som Egon Holstad ville sagt, det beste sidan oppskjært brød. Eigentleg er det ei usannsynleg kjapp streaming-teneste med eit utval som overgår sjølv den mest ihuga mp3-samlar sin kolleksjon. […]
Eg vart gjort merksam på at det er venta storfint besøk til hausten. Doug Martsch og hans eminente orkester Built to Spill spelar opp på Verftet i Bergen og Rockefeller i Oslo, høvesvis 10. og 11. oktober. Og ikkje nok med det, albumet Perfect from Now On skal spelast i sin heilheit. Billettar er lagt […]
Etter mange års venting er endeleg den, i enkelte krinsar, mykje omtala Motorpsycho DVDen på veg ut i butikkane. 19. mai er datoen som må merkast med Hair Cuts: Motorpsycho on Film. Gutane er for tida på turné i heimlandet og mange gode og gamle favorittar har vorte henta fram, som t.d.: Sunchild, Babylon og […]
Bandet med det nest tøffaste namnet (etter Hawkwind), nemleg Meshuggah, er ute med nytt album. Slettemarken i BT har gjeve albumet gode skussmål og seier ".. . er Meshuggah fremdeles det bandet i verden som best klarer å blande to rare følelser: Være på en bra jazzkonsert og høre Slayer for første gang. Man blir […]