Hjå Doktor Munk vankar det fleire med multiple jern i ilden. Noko denne overskrifta i Firda er eit bra prov på.
Min gode venn torill sendte meg ein forespørsel som kanskje lesarar av Munk kan svare på vel så bra som meg. Her er problemstillinga:
Jeg trenger tips til litterære karakterer jeg kan bruke som grunnlag på master. Jeg trenger en skikkelig heltinneskikkelse! Og et godt eksempel på en rival. De kan gjerne være stereotypiske, men trenger det ikke. I moderne litteratur er det gjerne vanskelig å finne klare, entydige typer uansett, men jeg tar meg den frihet å trekke paraleller og vri på begrepene som jeg lyster. Forøvrig tar jeg for meg helt(er av forskjellig slag) og antihelten. Typisk Don Quijote eller Elling eller Mattis fra Vesaas' «Fuglane».
Har du eit godt tips?
Eg held fram med serien "Skattar frå skåpet (vi veit kor det står)", og presenterer den beste plata på denne sida av år 2000: Yankee Hotel Foxtrot av og med Wilco. Ein vert mållaus av å høyre på dette meisterverket, så eg seier ikkje meir, og overlet ordet til Doktor Pål M i Groove.no.

Utsikt mot Jølstravatnet frå Bolsetnipa
No nærmar det seg påskeferie, og snøen har endeleg landa i Sunnfjord. Eg har sett nærmare på nokre turar som kan vere interessante å gå for dei ski-interesserte. Dei viktigaste kriteria er a - at det ikkje er for langt frå Førde, b - det skal vere ein passeleg lang og ikkje alt for tung dagstur, og c - at det ligg godt til rette for å praktisere telemarksving. Eg har ikkje gått desse turane sjølv, men etter ymse verbale, visuelle og topografiske tips har eg fått lyst til å gå dei. Eg håper andre kan bidra med eigne røynsler og tips.
Les meir »
Den nederlandske nettsida VPRO (som muligens tilhøyrer ein tv-stasjon) tilbyr litt av kvart frå nettsida si. Ein kan bl. a. høyre gjennom heile disk 1 på den siste Motorpscyho-plata. Gå til http://3voor12.vpro.nl/3voor12/index.jsp, klikk "Luisterpaal" og deretter "Omlaag". Der finst òg spor frå den siste plata til bensingjengen i Drive-By-Truckers.
I fjor fekk vi nyte godt av samarbeidet mellom Martin Scorsese og Bob Dylan i den fabelaktige No direction home. No kjem Heart og gold, ein dokumentarfilm om Neil Young, regissert av Nattsvermeren-regissøren Jonathan Demme. Filmen tek for seg tida etter hjerneoperasjonen i fjor, og fokuserar særleg på Young sine konsertar i Nashville, då han presenterte materialet frå Prairie wind for første gong. Neil Young: Heart of gold hadde premiere på Sundance-festivalen, og går no på ordinær kino i USA.
Idag slår eg eit slag for ei topp plate, ein klassikar: Crooked Rain, Crooked Rain av og med Pavement. Definitivt rock med internasjonalt snitt. Det er også verdt å notere seg at Pavement faktisk har fått 4.5 (av 5) i snitt på alle albuma sine hjå allmusic.com. Fortent? Ja, sjølvsagt.
Som de sikkert har merka har Doktor Munk (og ufjelg.org) vore særs ustabil(e) den siste tida. Dette skuldast problemer hjå serververten vår, og det er lite som kan gjerast med det. Vi kan diverre ikkje garantere at problema vil ta slutt med det første, så difor oppmodar vi på det sterkaste til å lytte til popmusikk dersom sidene ikkje fungerer slik ein kan vente.
I løpet av den næraste månaden tek vi sikte på å flytte til ein meir stabil server. Ein som leverer twentyfour-seven-three-sixtyfive.
Ein spøkefugl pynta på reklamen for NHH si "Uken" . "Dette er god humor", seier ein talsmann for raudrussen.

På sjølvaste 1. mai spelar Calexico og Iron & wine på Rockefeller, og skal ein dømme etter kvaliteten på albumet dei to banda laga i fjor, kan det bli ei rett så triveleg oppleving. Om du skal på konserten eller ikkje, kan du uansett kose deg med musikken frå ein konsert i Washington D.C.
Opptaka inneheld eit reint sett med Calexico, og eitt tilsvarande med Iron & wine, i tillegg til tre songar med flamencogitaristen Salvador Duran (han er med på tittelkuttet på In the reins) I den siste halvdelen av konserten spelar dei to banda saman. Då går det for det meste i låter frå den siste plata, men dei krydrar konserten med interessante versjonar av mellom andre All tomorrow's parties, Always on my mind og Wild horses. Til saman blir det meir enn to timar med fin musikk. Er du nysgjerrig på spelelista kan du få den og.
Musikken kan du laste ned her, heilt gratis.
Les meir »