Forfattararkiv: baardemann

Helgelyd veke 22

Berre eitt år er gått sidan den glitrande The stage names, men gledeleg nok kjem Okkervil river med ein oppølgjar allereie i september i år. Plata skal heite The stand ins og inneheld låtmateriale som stammar frå same tid som det på den førre. For å feire nyhenda, serverer vi eit gjenhøyr med Plus ones […]

Regjeringa må gå!

Statistikken viser at den populære kroneisen kosta kun 1 krone fram til 1970. I 1986 kosta den deilige kroneisen med jordbær eller sjokolade kun 6 kroner. Kva må vi betale for kroneisen no? 17 kroner? Dette er for dumt! Kva vil prisen vere i 2020?? No må regjeringa kjenne si visitt-tid og ta hatten sin […]

Helgelyd veke 21

Noregsaktuelle Bonnie 'Prince' Billy er ute med ny plate. På Lie down in the light er han framleis sår, skranglete og vindskeiv. Men kanskje anar vi eit lys i enden av tunellen. Her: You want that picture.

Peter Phelps

Det har vore merkeleg stille rundt skodespelaren Peter Phelps i det siste. Den australske sjarmøren spelte i utallege filmar og tv-seriar i heimlandet før han endeleg slo gjennom i rolla som livvakten Trevor Cole i Baywatch. Han prøvde seg i Hollywood etterpå, og fekk ei lita rolle i Point break. På norske tv-skjermar har vi […]

– det eneste staten ghjør er og skal ha og ha

Skal vi døma etter reaksjonane på VG-nett sitt diskusjonsforum i dag, har Kristin Halvorsen sitt reviderte nasjonalbudsjett øydelagd alle framtidige sjansar for den raudgrøne regjeringa til å bli attvald. Folk er særleg vonbrotne og forbanna over avgiftsauka på bensin, ei auke som ifølgje VG vil medføre ein meirkostnad på 66 kroner i året for eigarar […]

Helgelyd veke 19

Vekelåta kjem frå svenske Vapnet og plata Jag vet hur man väntar. Den er ei samling med små pop-perler som passar fint til solskinet og årstida. Her får du Prästgatan, som med sine tydelege Belle & Sebastian - referansar er representativ for stemninga på plata. Ha ei fin helg!

Helgelyd veke 17

Eg les stadig om køntripopsyngjedamer som skal vere det nye store, men mange av dei er kjedelege og preglause. Kathleen Edwards er såvisst ikkje i den kategorien. Tredjeplata Asking for flowers er av dei sterkaste platene til no i år, og sikrar at ho held seg i same divisjon som Gillian Welch og Lucinda Williams. […]

Person i sjøen var tømmerstokk

Det viser seg ifølgje avisa Bygdanytt at ein person i sjøen var ein tømmerstokk. Vel, skal ein først vere noko anna enn ein person, er vel ikkje ein tømmerstokk det verste ein kan vere. http://www.bt.no/lokallokal/arnaogosteroy/btartikler/article549369.ece

Helgelyd veke 16

Den fabelaktige Håkan Hellström er ute med ny plate. För Sent För Edelweiss har vore lydsporet til dei siste to vekene av livet mitt. Her får du Jag vet inte vem jag är men jag vet att jag är din.

Ordspel

Sjølv om konkurransen er knivskarp, må vel dette komme høgt opp på lista over dårlege ordspel.