Spotify

Berre så det er sagt: Er du det spor interessert i musikk og ikkje er på Spotify, så er du heilt ute. Fullstendig ute. Spotify er, som Egon Holstad ville sagt, det beste sidan oppskjært brød. Eigentleg er det ei usannsynleg kjapp streaming-teneste med eit utval som overgår sjølv den mest ihuga mp3-samlar sin kolleksjon.

Om du ikkje har lyst å betale 99 bols/mnd, må du ha ein invitasjon for å få tilgang. I skrivande stund har eg to stk att og eg er så storsinna i desse juletider at eg rett og slett donerer dei bort til den første, og den andre, som melder seg (det er altså det såkalla "første mann til mølla-prinsippet" som gjeld).

Sjå også

Tags: , , , , , ,

18 Responses to “Spotify”

  1. drleiv says:

    Eg tar gjerne ein invitasjon!

  2. hvrd says:

    R4m628cdWCDjwBgh

    Bruk koden her, fortrinnsvis før nokon andre stikk av med den:
    http://www.spotify.com/en/products/free/#get-started

  3. hvrd says:

    Hm, too late, der doktor, men versegod til deg, Nes! ;)

  4. Nes says:

    Ooops, sorry drLeiv.

    Ikkje meininga!!

    Sender deg passord, men du må nok leve med eit litt kjedeleg brukernamn:-)

  5. hvrd says:

    Eg har ein til, så slapp av! ;) Du var nr 2!

    Nyt denne heilt gjennomsnittlege kolleksjonen av covers og originals og få eit innblikk i Spotifys fortreffelighet:
    http://open.spotify.com/user/hgrimelid/playlist/0rDPpUoORS2Qx0LgQAHmYH

  6. hvrd says:

    Og no har eg endå fleire invitasjonar, så skrik ut.

  7. drleiv says:

    Dette er heilt genialt!!

  8. Kazman says:

    Jau, dette lyt eg vere med på!

  9. Harald says:

    Endå fleire? Kan det komme til å regne på sonen til presten óg (etter at klokkaren og liknande har fått sitt, meiner eg)?

  10. jons says:

    spotify er fortreffelig. De som venter kan sjekke http://www.seeqpod.com, som bruker lignende teknologi, og som også har mulighet til lagring av spillelister. Den er absolutt lillebror ift spotify, men ganske så fin.

  11. hvrd says:

    No er invitasjonar sende til Harald og Kazman.

  12. snorre b says:

    Her var eg treig på avtrekkaren ser eg. Om enda ein invitasjon skulle falle ut av ermet er interressert!

  13. hvrd says:

    Jepsipepsi, Snorre. Invitasjon er sendt.

  14. drleiv says:

    har ein svensk svoger som er veldig interessert i invitasjon. Har du fleire?

  15. hvrd says:

    Eg har jo det, men sidan han er svänsk vil eg gjerne nytte høvet til å gjere ein bytehandel. For to folkøl, ei falukorv og eit gåvekort på Hönan Agda er invitasjonen hans. God jul!

  16. drleiv says:

    Vi er i eit nytt år, men Spotify imponerar like mykje. Oppdagar stadig ny musikk via dette fantastiske programmet. Her er tre Spotify-tips: Alela Diane, Port O´brian, Karen Dalton. Eg tar gjerne imot tips i byte!

  17. hvrd says:

    Autopsy er ein liten skatt.

  18. hvrd says:

    Eg har fire invitasjonar eg treng å bli kvitt. Kan nokon hjelpe meg?