Inspirert av Lydverket onsdag har vi gleda av å presentere klassisk hard-rock frå 70-talet: Deep Purple og tittelsporet frå plata Burn utgjeven i 1974. David Coverdale har overteke mikrofonen frå Ian Gillan og han tek jobben på alvor. Skru opp volumet!
Archive for mars, 2008
Helgelyd veke 13
fredag, mars 28th, 2008Drøy kost
tysdag, mars 25th, 2008Ingeniørfirmaet Aibel har laga ein låt. Kva målet med den er, er ikkje lett å forstå, men stikkord kan vere synergieffektar, kravspesifikasjon, kundefokus og kjernekompetanse. Det er så pinleg at det er vanskeleg å sitte i ro på stolen. Larry David kunne ikkje gjort det betre.
Statsoljeselskapet har sjølvsagt mykje meir pengar og har tatt konsekvensen av det og hyra inn super stjerna Åge Sten 'Glam
Ordspel
torsdag, mars 20th, 2008Sjølv om konkurransen er knivskarp, må vel dette komme høgt opp på lista over dårlege ordspel.
Lurt av russiske damer
laurdag, mars 15th, 2008Det blir sagt at det er mange vegar til Rom, men jammen er det mange vegar til Ufjelg også. Den seinaste tida har trafikken her på sida vore rekordstor. Ein god del besøkande er nok gamle kjende, men ein rask kikk på statistikken tyder på at nokre kan ha hamna her på slump. Eg har sett litt på kva for søkeord som har ført folk inn på sida. Nokre av treffa kjem frå søka under:
kirkebrenning metal
ja vi elsker piano
ja vi elsker akkorder
dag solstad desillusjonert
ei god bok du bør lese
gloria lova gud
tysk pølse
ti i skuddet 1967
rolleinnhavere ringenes herre
fellesbadstu hotel
lurt av russiske damer
Helgelyd, veke 11
fredag, mars 14th, 2008John Prine er ein mann ein høyrer lite om sjølv om han er av dei flinkaste låtskrivarane vi har. Han har gitt ut ein haug med plater etter debuten i 1971. My darlin' hometown er frå den svært så habile Fair and square, som kom i 2005. God påske!
Lausriv! Lausriv! Trur eg..
sundag, mars 9th, 2008Litt seint, men greit nok. I avisa BA i Bergen er det no ein debatt om sentralmakta i Oslo versus Bergen/Hordaland/Vestlandet. Folk vestpå er lei av at vanstyre frå austlendingar skal gå ut over oss her vest. Det er kome fram at Vestlandet skaper 70% av verdiane, men får att 28% i overføringar. Frank Aarerot åtvarar i avsa Dag og Tid mot danninga av eit opprørsk regionalt parti som vil kreve Vestlandet sin rettmesige del av kaka. I ytterste konsekvens, kanskje lausriving frå resten av Noreg. Når eg skriv at det kjem litt seint, meiner eg at vi hadde alle tiders sjanse for berre få år sidan. Vi hadde Fusakongen, eit konstitusjonelt alibi, og vi hadde regionsreforma som kunne samla Vestlandsregionen. No har Fusakongen har abdisert, regionsreforma har stranda, og sluttrapporten er berre rekved.
Men vil vi dette? Vil du dette? Om vi ser på andre regionar/minoritetar som har rive seg laus eller ønskje dette, er det mykje usympatisk egoisme å spore. Aarebrot nemner Nord-Italia, Catalonia og Baskarland, alle rikare regionar enn resten av landet. Eg vil for eiga rekning slengje på Flandern-Vallonia-konflikta i Belgia. Rike Flandern i nord ønskjer ikkje å "subsidiere" fattige Vallonia i sør, og dei har så store samarbeidsproblemer at Belgia i haust var nærare 200 dagar utan regjering!
Kunne Vestlandet forvalta denne enorme rikdomen som vi tilfeldigvis er geografisk i nærleiken av? Eller hadde olje-, gass- og fiskepengane gjort oss like korrumperte som vestkanteliten i Oslo? Hadde vi vorte eit føregangsland som folk verda over såg opp til, eller hadde vi brukt alt på å kjøpe John Terry og Ronaldinhio til Brann eller Viking? Ville Vestlandet klart å bli samde om ein hovudstad? Neppe. Eg trur at straks grenseposten var på plass på Hardangervidda og Hemsedalsfjellet så ville det vore borgarkrig mellom bergensarar og siddisar.
Kanskje er Vestlendingen så uregjerleg at det er like greit at makta ligg i Oslo? Vi får vone for freden sin del at ikkje Kosovo vert anerkjend av verda. Det kan tenne gneistar til andre små regionar og folkegrupper. Enn så lengje kranglar vi fredsommeleg om småpeng her vest.
Dokumentarfilm, andre del
sundag, mars 9th, 2008
Det vart litt mykje mykje krig og USA-kritikk sist, så i denne bunken har musikkdokumentarane og biografiane fått større plass. Men det er ikkje fritt for at det er ein del elende her òg. Her er andre del i min triologi om dokumentarfilm.
(meir...)
Kulturnytt frå nord
laurdag, mars 8th, 2008Helgelyd #4
fredag, mars 7th, 2008Kva er vel betre enn å innleie helga med ein indie-hit frå det glade 90-tal? Ladies and gents, Sirkus Ufjelg presenterer Sebadoh med "gladlåta" On fire.
Treningstips
torsdag, mars 6th, 2008Beach 2008 nærmar seg deff-initivt (applaus for ordspelet!). For oss strandløver er det to alternativ:
1. Byggje opp ny muskelmasse.
2. Avdekkje gamal muskelmasse.
