Archive for april, 2006

Omsetjing

fredag, april 28th, 2006

Eg plukka fram ei plate med 70-tals psykideliarock og her er money i ny språkdrakt:

pengar

pengar, hu hei
få deg jobb med bra løn og du er okei
pengar gi gass
ta til deg det du kan og putt dei i di madrass
ny bil, god stil, lykke med opsjon
eg trur eg kjøper FC Wimbeldon

pengar går ut og inn
formen fin men hald deg langt unna bunken min
pengar er nummer ein
velgjering er pisspreik, eg går heim
eg flyr høgt på førsteklasse og er ganske kry
eg burde jammen hatt mitt eige fly

pengar det er ulovleg
del rettferdig men du får ikkje eit øre av meg
pengar vert det sagt
rota til alt vondt får mykje øydelagt
ber du pent om lønspålegg, ikkje rart
står du svakt.

Skål!

tysdag, april 25th, 2006

No trur eg ting er som før her hjå oss, og ufjelg.org er på trygge, amerikanske hender.

Au!

sundag, april 16th, 2006

Iføglje Firda frå påskeaftan enda eit møljeslagsmål i Askvoll bl. a. med følgjande:

Ein person måtte til sjukehus for å ta stivkrampesprøyte etter at han skal ha vorten biten i tumultane.

Godt det fins sprøyter mot slikt.

You in reverse

sundag, april 9th, 2006

Built to spill kjem ut med nytt album fem år etter Ancient Melodies of the Future !
You in reverse kjem offisielt ut tysdag, men allereie no er det mogeleg å få høyrt det. Eg er spent.

Fotball

laurdag, april 8th, 2006

Fotballinteresserte kan ta turen over til ufjelg.org/tipping for å delta i ein uformell tippeleik. Alle er hjartleg velkomne.

The last great american

laurdag, april 8th, 2006

Den ekstraordinære historia om Johnny Cash sitt liv og virke finst ikkje berre i spelefilmformat, men og i dokumentaren Johnny Cash - the last great american, som er produsert av BBC. Denne har eg kost meg med i dag. Medan Walk the line kun skrapar i overflata, kjem ein langt nærare innpå "the man in black" i dokumentaren. Den tek for seg karriera frå den spede starten og fram til den brått tok slutt i 2003. Kommentarar frå mellom andre Rosanne Cash, John Carter Cash, Merle Haggard og Kris Kristofferson er med på å kaste lys over både musikaren og den djupt plaga mannen. Sterk film.

Gratulerer!

laurdag, april 8th, 2006

Hjå Doktor Munk vankar det fleire med multiple jern i ilden. Noko denne overskrifta i Firda er eit bra prov på.