Noko av det aller mest positive med finanskrisa er at eigedomsmeklarane er blant dei som sliter hardast. Notar må kunne seiast å vere av dei aller verste, difor blir nyheten om at Notar sparker 100 ansatte motteken med ein stor grad av skadefryd. Ikkje berre skadefryd; eg føler ekte glede!
(meir...)
Archive for oktober, 2008
Ny helg – ny gladnyhet
fredag, oktober 31st, 2008Inflasjon
måndag, oktober 27th, 2008Opp av bekkalokket
fredag, oktober 24th, 2008Roland Mühler har tatt nokre flotte bilete av bekkalokk (eller kumlokk som folk flest seier).

Fleire godtbitar på Roland sine sider. Meir om Opp av bekkalokket.
Dylan er ikke død
laurdag, oktober 18th, 2008Sekstitalshelten Bob Dylan har markert seg sterkt i moderne tid med platene Time out of mind, Love and Theft og Modern times. Tell tale signs er åttande plate i bootleg-serien. Plata har 27 spor med overskotsmateriale frå perioden 1989 - 2006. Noko er alternative versjonar av innspelte låtar frå perioden, og noko er låtar som har blitt til overs frå plateinnspelingane. Dette restmaterialet står ikkje tilbake for noko nokon har gitt ut dei siste tiåra. Red river shore vart til dømes ikkje vurdert som bra nok til å komme med på Time out of mind, men første gong ein høyrer den, minner den om ein klassisk Dylan-klassikar. Refreng er oppskrytt!
For ikkje å snakke om denne alternative versjonen av Tell ol' Bill, som Dylan skreiv til filmen North Country i 2005:
Dagens sitat
sundag, oktober 12th, 2008– Det er klart at regulering og kontroll må være på plass i den virkelige verden.
Per Sandberg, Fremskrittspartiet.
Sandberg uttaler dette til ABCnyheter i dag, som ein kommentar til eit punkt i Frp sitt handlingsprogram som slår fast at "regulering fra myndighetene burde i prinsippet være overflødig i en fri økonomi".
I dag er verdas lærardag
sundag, oktober 5th, 2008Verdas lærardag vart innstifta av UNESCO i 1994 for å understreke kor viktig det er å verdsetje og byggje opp under læraren sin status. I dag er dagen då du kan gje ein lærar ein klem utan å vere redd for å vere for sentimental.
Let me finish!
laurdag, oktober 4th, 2008Onsdag er det klart for den andre tv-debatten mellom Obama og McCain. Den vil nok ikkje by på like morosame scener som denne mellom Kerry og Bush, men spanande blir det uansett.
Hanne Krogh er ute av Skal vi danse?
laurdag, oktober 4th, 2008
I dag norsk tid måtte songstjerna Hanne Krogh sjå seg slått i dansetevlinga Skal vi danse?. Men den tidlegare Bobbysocks - legenda er storsinna i sine kommentarar til pressa. "Jeg synes det hadde vært forferdelig hvis Lene Alexandra hadde røket ut i dag" , sa Hanne Krogh i eit intervju rett etter fadesen. Og vidare: "Hun har fått en vidunderlig sjanse til å vise seg fram til det norske folk, og jeg tror det er flere hjerter enn mitt som hun har krøpet inn i."
Ufjelg.org kjem attende med fleire kommentarar etter kvart som denne saka utviklar seg.
(Sjå meir på VG-nett viss du vil)
(Hanne taklar pressa på rutinert vis)
Vidgjeten, blå regnfrakk
onsdag, oktober 1st, 2008Det ballar på seg. Vart tipsa om Marissa Nadler av Hvrd for nokre veker sidan, og oppdaga denne coveren av ein av min favorittsongar på den siste plata hennar. I kveld var musikkvideoen plutseleg på Pitchfork. Nydeleg stemme og strålande versjon av ein strålande song.
Marissa Nadler - Famous Blue Raincoat from Greg Eggebeen on Vimeo.
