Archive for juni, 2009

Kvakksalvar

onsdag, juni 10th, 2009

Alternativ medisin er i vinden som aldri før. Snåsamannen og hans kolleger vert omfamna og applaudert av politikarar og profilerte samfunnsaktørar. Skepsis er heilt klart på vikande front. Når edruelege folk prøver å argumentere seriøst og vise at healing, homeopati, kinesiologi, etc etc faktisk aldri har vist å ha nokon som helst effekt, er det som motargument nok å kviskre at debattanten tilhøyrer den håplaust gamaldagse og sneversynte sekta "skulemedisin".
(meir...)

Høgfartstog i Norge

tysdag, juni 2nd, 2009

lyntog
Norsk Bane har kome med nye og fresje sider. Høvet er rapporten frå Deutshe Bahn om høgfartsbaner i Norge. Dei har laga detaljerte analyser og planer for høgfartsbaner mellom Oslo - Trondheim, Bergen, Haugesund og Stavanger.

Rapporten slår fast at utbygging av høgfartsbaner i Sør-Norge, med reisetid på 2,5 timar Oslo - Bergen og Oslo - Trondheim, vil vere samfunnsøkonomisk lønsamt med ein faktor mellom 2 og 3, over ein periode på 30 år etter fullføring av kvar bane.

Regjeringa legg fram nasjonal transportplan 5. juni. Det er lite som tyder på at regjeringa vil satse noko særleg på høgfartsbaner. Kva må til for at politikarane skal tore å satse på lønsame prosjekt?