Archive for januar, 2006

Visualisering er den nye gramatikken

måndag, januar 30th, 2006

Trendforskar Paal Fure har nyleg presentert dei ti viktigaste trendane i Skandinavia i åra framover. Dette er spennande lesestoff for oss proaktive og hyperdynamiske. Analysene til Fure virkar så presise at eg mistenker han for å gå i tospann med sjølvaste Henning Hai Lee Yang. Dagens Næringsliv oppsummerer.

Stumble upon!

måndag, januar 23rd, 2006

Dersom du er så framsynt at du nyttar Mozilla Firefox nettlesar kan du installere ein såkalla plugin som heiter Stumble upon. Den kan ta deg til nye stader på nettet. I dag prøvde eg å snuble rundt litt og kom til dømes in på ei side for nokre som selde flytande runde hus, og ei side med rare bandnamn. Kan nemne ei par favorittar frå den lista: Duke Tumatoe and the All Star Frogs, A Cat Born In An Oven Isn't a Cake, Admiral Poopy Pants and His Dancing Teeth, Naked David Hasselhoff, The Pro-Midget Mafia. Eg har inga aning om korleis musikken er.

geilo

onsdag, januar 18th, 2006

Det falt idag 30 cm med nysnø i geilo!, www.skiinfo.no melder om kanonføre. detta blir gøy!

Død over Notar

måndag, januar 16th, 2006

Til tross for at eg personleg ikkje har særleg mykje å gjere med eigedomsmeklarar for tida, er eg svært skeptisk til yrkesgruppa og nyttar eit kvart høve til å kome med ukvemsord om denne. Korleis dette vil eskalere den dagen eg faktisk skal ut på bustadmarknaden kan eg berre forestille meg. I mellomtida kosar eg meg med følgjande nyhendeoppslag.
Som ein innføring sjangeren kan eg forøvrig tilrå Kari Hotakainen si bok På hjemmefronten.

Myter frå barndomen

torsdag, januar 12th, 2006

Ein gong i barndomen var eg av den oppfatninga at om ein gravde eit djupt nok hol, så ville ein kome til Kina. Det var også den gjengse oppfatninga blant andre på min alder frå Sande på den tida. Vel, det stemmer ikkje, svaret er faktisk at ein endar opp ein stad mellom Australia og Antarktis. Dei som ikkje trur på det kan sjekke sjølv her:

Konserttips

tysdag, januar 10th, 2006

Medan konsertredaksjonen sit på ræva og gremmest over det sparsommelege konserttilbodet i Bergen denne våren, har Oslo-gjengen lansert eit uslåeleg tilbod onsdag 1. februar: For The Sake Of The Song - en hyllest til TOWNES VAN ZANDT. Cafe Mono lovar kjente andlet som Paal Flaat, Martin Hagfors og Robert Buraas, samt overraskingar.

Det vert gjort merksam på at vi kjem attende med oppdatert kvartalsbasert konsertkompass for Bergen om ikkje altfor lenge. (Og i ein parantes vert nemnast det at bl. a. Josh Rouse, Teddy Thompson og Bettye Lavette kjem til Bergenfest, men det er jo ikkje før om 5 månader.)

M

laurdag, januar 7th, 2006

I går høyrde eg den nye singlen til Marit Larsen, sist sett som halvparten av ungpikebandet M2M. Og dette var fine greier! Don't save me heiter sangen som er A-lista på P3. La oss høyre kva NRK.no seier om A-lista:

Hits som alle har eller vil få et forhold til. 13 låter der hver låt spilles med ca. tre timers mellomrom. Hører du på alle dagtidssendinger på Petre i løpet av en hel uke, vil du ha hørt alle a-låtene ca. 25 ganger.

Dersom de skrur radioen på NRK sitt program 3 er det altså store sjansar for at de vil få høyre denne etter kvart. Ein fin poplåt som minner om Cardigans, Eggum, Ephemera og Mitchell.

aldersquiz

måndag, januar 2nd, 2006

Stumbla over ei interessant side på internetet: ageproject.specialsnowflake.com. Her får du opp bilder av folk, og så skal du gjette på alderen deira. I tillegg til det du sjølv tippar får du opp rett svar og det gjennomsnittet har tippa. Ganske interessant! Det morsomste er at du kan legge inn bilde av deg sjølv :)
Enkel underhaldning for enkle sjeler.