Archive for september, 2007

Shout Out Louds: Our ill wills

onsdag, september 26th, 2007

Bra svensk musikk er ikkje mangelvare, men Our ill wills - andreplata til Stockholm-kvintetten Shout out louds, er likevel ei svært trivleg overrasking. Dette er strålande pop-handverk i The shins - land, og ei av årets beste plater så langt.

No går det så det suser!

fredag, september 21st, 2007

Her er gårsdagens nøkkeltal:

- Norge ligger an til å få en netto ekstrainntekt25, 8 milliarder kroner fra petroleumsvirksomheten i inneværende år. (BT)

- Etter at New York-børsen løftet seg 2,5 prosent allerede tirsdag, kom turen i går til de japanske og europeiske markedene. Overalt sto jubelen i taket. (BT)

- Den kinesiske bilparken har økt med 30 prosent – det siste året. (Ole Torp, Urix)

Bob Dylan på radio

måndag, september 17th, 2007

Onsdag 19. september startar andre sesong av Bob Dylan sitt framifrå radioprogram Theme Time Radio Hour opp på den amerikanske satelittstasjonen XM. I programmet spelar Bob kvalitetsmusikk med eit tema for kvart program. Tema som t.d. Mother, Drinking, Baseball, The Devil, Bible, Hair og Shoes.

Kor vidt det berre er Bob som bestemmer musikken i programmet, kan ein spekulere i, men den er iallfall meir variert enn ein skulle tru. Eg nemnar: Buck Owens, LL Cool J, Damn Yankees, Rolling Stones, Billy Bragg & Wilco, Frank Sinatra, Blur, The Streets. Innimellom låtane kjem Bob med anekdotar og visdom. Theme Time Radio Hour er vel verd å låne øyre til. Wikipedia har fullt oversyn over alle programma frå første sesong.

No Secret Riffs in the Pocket

fredag, september 14th, 2007

Ufjelg-favorittane Ungdomskulen lanserer debutalbumet sitt Cry Baby 8. oktober på etiketten Ever Records, eit underbruk av den meir kjende K7. Smakebitar, Spaghetti Bolognese-dokumentar(!) samt gratis mp3 finst på ei side hjå Ever Records.

Ikkje berre reality og Solstad!

onsdag, september 12th, 2007

Med ein profil som har tungt fokus på kulturkonsum er det er kanskje nokon som trur at den typiske DrMunk-brukaren er ein sofasitjar med BMI høgare enn oksygenopptaket. Dette er langt frå sanninga! Fysisk fostring står høgt på agendaen, og mange av brukarane er aktive medlemmer i idrettslaget Ufjelg TIL. Eit prov på aktiviteten får vi 30. sept då rykta seier at Ufjelg TIL er representert (med opptil fleire deltakarar!) i Oslo maraton, Berlin maraton og Stoltzekleiven opp. På tide å søkje tippemidler!

Songfuglar og fengselsfuglar

onsdag, september 12th, 2007

I reality-floraen er det mykje ugras, og sjølv om sjangeren er relativt ung, er det resirkulasjon mykje meir enn nyskaping som har prega dei nye seriane, som til dømes Den rette for Tor og den heilt unødvendige Sangstjerner. TvNorge sin seinaste satsing klarer heller ikkje heilt å frigjere seg frå velbrukte oppskrifter, men den har likevel mykje for seg.

Fengselskoret er vel like mykje eit program om folk som er langt nede og som leitar etter utvegar i meir enn fysisk forstand, enn ein songkonkurranse eller realityserie. Det er som fengselsdokumentar denne serien er mest interessant, og serieskaparane har klokleg nytta det unike høvet til å få fangar til å tenkje høgt om tilveret, framfor å blir eit slags Idol i fengselet.

I reality-forstand syner serien fram ein gjeng med meir eller mindre hardbarka mannfolk i Oslo fengsel som skal få trening i å synge, og i slutten av ein periode på ti veker opptre som eit kor framfor resten av fangane.

På pluss-sida må vel og nemnast stabil filming, og at songpedagogen liknar på Katrine F.

Fengselskoret kan du sjå på TvNorge søndagar klokka 21.30.

Grundig research

torsdag, september 6th, 2007

Den polske krimforfattaren Krystian Bala kan ha gått litt for langt i førebuingane til ein av romanane sine. Politien hadde ingen spor i etterforskinga av drapet på foretningsmannen Dariusz Janiszewski før dei vart tipsa om romanen Amok frå 2003. Der fekk dei lese detaljerte skildringar av ugjerninga. Bala er no dømd til 25 år i fengsel, og får altså svært god tid til å skrive romanar med handling frå fengselsmiljøet.

http://www.abcnyheter.no/node/51733

Lekman

onsdag, september 5th, 2007

Den talentfulle svensken Jens Lekman er ute med nytt materiale, og på Pitchfork er omtalen svært så god. Det er verd å merke seg både for dei som planlegg å sjå Lekman på John Dee 15. september, og for dei som framleis ikkje har lånt øyre til denne fyren.

Flyttesjau

sundag, september 2nd, 2007

ufjelg.org har flytta til ein tenar ikkje fullt så langt borte. Forhåpentlegvis går ting litt fortare. Gje melding om noko ikkje er som det bør vere.