Archive for mars, 2007

Musikk

torsdag, mars 29th, 2007

Etter ein musikalsk ørkenvandring har eg no funne både oasen, Mekka og El dorado. Wilco er allereide nemnd her i garden, og i tillegg må nemnast Andrew Bird sin Armchair apocrypha, som er full av godbitar. Det for meg ekstremt etterlengta nye albumet til Bright eyes, Cassadaga, ser og ut til å innfri. Høyr til dømes på denne:

>Make a plan to love me

Dette er musikk som smelter mitt beinharde hjerte.

Høg kinamann klarar brasene

onsdag, mars 28th, 2007

Av og til kan røyndomen kopiere dårlege filmar i staden for omvendt. Ikkje det at eg har sett ein film som handlar om at verdas høgaste mann reddar ein delfin der kirurgane må gje tapt, men det iallefall lett å tenkje seg ein slik film. I BT i dag kan ein lese dette:


Delfinene hadde spist av kanten på et akvarium i Liaoning-provinsen, og forsøk på å fjerne plasten som hadde samlet seg i magene deres ved hjelp av kirurgisk utstyr, lyktes ikke.

Verdens lengste mann ble tilkalt og greide ved hjelp av de rekordlange armene sine å dra ut plasten, til stor jubel fra delfinvenner verden over.

Asketorsdag

torsdag, mars 22nd, 2007

Torsdag 26. april spelar det eminente poporkesteret Ash til dans på John Dee i Oslo.

Om lukka står den ufjelge bi spelar dei kanskje i Bergen òg. Det får tida vise.

Hopalong, hopalong yah!

laurdag, mars 17th, 2007

Førre helg tok eg ein etterlengta tur til Tigerstaden, og jammen snurre var det ikkje konsert med det trønderske ska-bandet Hopalong Knut på Rockefeller på laurdagskvelden! Ai ai ai, for ei lukke! (meir...)

Skjulte perler og gløymde skattar

sundag, mars 11th, 2007

I platesamlingane dykkar ligg det forhåpentlegvis nokre godbitar og lurer. Låtar eller plater som du meinar andre må få høve til å høyre, helst snarast. I denne tråden håpar eg vi kan få til dette: Har du eit tips til ein godbit - ny/gammal, kjent/ukjent, album/låt, skriv det her. Kan du i tillegg kort (eller langt) gjere greie for kvifor akkurat denne godbiten er verdt å få med seg, er det flott.

Wilco: Sky blue sky

torsdag, mars 8th, 2007

Det siste albumet frå Wilco er ikkje i butikkhyllene før 15. mai, men det finst no på internett, og i mitt medvit som noko av det beste som har vore der på lenge. Det eit variert album med både enkle country-arrangement, røffe rockelåtar og lange gitarsoloar - alltid med Tweedy sin herleg tilbakelente og nosjalante vokal som prikken over i-en. Dette er ein gavepakke både til gamle Wilco-fans og til andre musikkinteresserte.

Den ufjelge sanninga

sundag, mars 4th, 2007

Inspirert av Oscar-showet som gjekk på fjernsyn forleden, såg eg i kveld Al Gore-filmen: An inconvenient truth. Den handlar om framtida til denne planeten. Veldig bra film!