
Archive for mai, 2009
Kven er dette?
tysdag, mai 26th, 2009Fremtiden i dag
laurdag, mai 23rd, 2009Dette er noko av det vakraste eg har høyrt på lenge.
Ein fugl på taket…
fredag, mai 22nd, 2009Sesongens første tjeld er komen til verda på taket ein stad på Universitetet i Bergen og med moderne teknologi kan vi følgje dagleglivet direkte.
Dersom dette gav meirsmak, så dukka også havørna opp på webkamera idag.
Ufjelg Spotifyliste 1
onsdag, mai 20th, 2009Det er ei stund sidan ny og/eller ukjend musikk har vore så kjekt som no etter at Spotify dukka opp.
Eg har oppretta ei kollaborativ speleliste og lagt til tre hits og oppfordrar alle til å gjere det samme. Post gjerne ein kommentar med kva du har lagt til.
Spotify-triks
onsdag, mai 20th, 2009Skriv inn følgjande i søkefeltet til Spotify for å sjå kor mange sangar du har tilgang på totalt: year:0-3000.
Sorter så dette på popularitet og sjå kva som er mest populært. Hoho, artig.
Breaking news!
laurdag, mai 9th, 2009Ifølgje ny forsking finst det no prov på at ein blir meir vaken av å sove lenge jamført med å sove kun i eit kort tidsrom. Dette kan ein lese om i The Scandinavian Journal of Clinical & Laboratory Investigation.
Om konklusjonen verkar noko skråsikker, tek i det minste ein professor ved Det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen og Nasjonalt kompetansesenter for søvnsykdommer litt høgde for divergerande syn:
"Dersom vekkerklokken hadde vært stilt på et annet tidspunkt, kunne resultatet ha blitt annerledes."
Uansett - det er verd å merke seg at den menneskelege organisme av og til treng kvile.
Helgelyd på frigjeringsdagen
fredag, mai 8th, 2009Camera Obscura er eit band som til no har unngått ufjelg-radaren sjølv om minst ein (meg) av dei som skriv i bloggen hadde stor glede av det førre albumet. No er skottane ute med ny plate, og eg er framleis positiv. Dette er lettbeint, upretensiøs og innsmigrande popmusikk med fin ungpikevokal. Ikkje overvettes originalt, men nokså sjarmerande og koseleg. Her er ein smakebit frå My maudlin career: