Har fått den gode gamle spysjuka, og opplever no korleis det fungerar med den myteomspunne "eigenmeldinga". Konklusjonen er ikkje heilt klar endå, men eg har i det minste god tid til å surfe på nettet. Mellom anna kom eg over denne interessante debatten om bustadprisar. Det er godt å registrere at det er fleire enn meg sjølv som ser for seg at det snart kjem eit krakk. Sjølv om debattant KarlDenAnnen kanskje ikkje gjev inntrykk av å vere den skarpaste analytikaren eg har sett...
Archive for januar, 2007
På hjemmefronten
måndag, januar 29th, 2007I gamle dagar
sundag, januar 28th, 2007Intelligent gravity
fredag, januar 19th, 2007Eit herleg stykke humor frå Richard Dawkins si nettside. Eg siterer:
there are many phenomena that cannot be explained by secular gravity alone, including such mysteries as how angels fly, how Jesus ascended into Heaven, and how Satan fell when cast out of Paradise
when the going gets though…
måndag, januar 15th, 2007Med såpass slagkraftige fans kan det vel ikkje gå så galt i år:)
Festivalnytt
måndag, januar 15th, 2007Som den oppvakte lesar allereie har fått med seg, har Lost Weekend-gjengen på Askøy stadfesta at Flaming Lips spelar til dans i byrjinga av august. Dei fleste festivalane er godt i gang med bookinga og det er spennande å følgje med. (meir...)
Ikkje gløym å sjå deg over skuldra!
måndag, januar 8th, 2007Oppfordringa gjeld spesielt dei av Doktor Munk sine lesarar som bur i det nordlegaste fylket i landet. Om ein føler seg trygg veit rovdyra å utnytte det. Vonaleg kan følgjande artikkel vere med på å generere litt angst.
Flaming Lips på tur
måndag, januar 8th, 2007Ifølge avisa bt.no skal The Flaming Lips spele på årets Lost Weekend-festival. Det er noko å skrive heim om.
Nytt år – nye overskrifter
måndag, januar 1st, 2007Medan andre skyter opp raketter og drikk champagne sit eg på sjukehuset og ventar på dei som blir truffe av rakettane og/eller drikk for mykje champagne. Til no har det ikkje kome nokre av dei sistnemnde, så eg har god tid til å lese dei første overskriftene i nettavisene i det nye året.
Og Firda startar såpass bra at det må distribuerast vidare til dei av Doktor Munk sine lesarar som ikkje vanlegvis er innom nettsidene til verdas største nynorskavis. (meir...)