Archive for oktober, 2006

Ein perfekt avisartikkel

onsdag, oktober 25th, 2006

Storpolitikk, nabofeide, rettsak, sleipe eigedomsmeklarar og ein tannbørste som heng frå eit tre, alt i ein og same artikkel. Det kan umogleg bli betre! Les heile saka her.

Konsertnytt

laurdag, oktober 21st, 2006

Dolly Parton spelar til dans i Vestlandshallen fredag 9. mars. Hoppsasa!

Eddabedda

laurdag, oktober 21st, 2006

Blædiblæ

Skal det vere ein bil?

torsdag, oktober 12th, 2006

At somme ikkje kvir seg for å kalle seg kristen når dei skal freiste å få seg hybel er ikkje noko nytt. Meir overraskande er det at dei kristne skaffar seg bil på heilt andre måtar enn vanlege dødlege. Denne annonsa kunne ein lese i Firda i går:

Hjelp!
Er det noen som kan være så
snill å gi / velsigne en kristen
jente med en liten bil.
Tlf. --- -- ---

At annonsa kan lesast på minst to måtar som gjev høgst forskjellig meining, er ikkje viktig i denne samanhengen.

Beskjeden type

tysdag, oktober 10th, 2006

Her følgjer eit lite intervju med Townes Van Zandt.

Ny film frå Lynch

fredag, oktober 6th, 2006

David Lynch har laga ein ny spelefilm som heiter Inland empire. Den vart nyleg vist under filmfestivalen i Venezia, og har fått tildels rosande omtale. Eg har skumma gjennom ymse britiske og amerikanske aviser, og det ser ut som om journalistane der meiner at dette er noko av det mest uforståelege dei har sett, iallefall sidan Eraserhead. Gamle Lynch-kjenningar som Laura Dern, Harry Dean Stanton, Justin Theroux, og Grace Zabriskie (Sarah Palmer) stiller. Naomi Watts har stemma til ein snakkande kanin. Fimen varer i tre timar, og er i hovudsak spelt inn i Polen. Dette må bli bra!

Intet nytt fra vestfronten…

fredag, oktober 6th, 2006

Plateåret 2006 har, i mine øyre, ikkje vore på nivå med fjoråret. I den seinare tid har det heldigvis komme nokre plater som verkeleg har falle i smak. Typisk nok er det gamle kjenningar som står bak:

Bonnie Prince Billy: The letting go
Etter den berre delvis vellykka Superwolf, som Will Oldham spelte inn saman med Matt Sweeney, er førstnemnde tilbake i det velkjende, melankolske hjørnet a la Master and everyone. The letting go minner mykje om denne, med sitt akustiske preg, og enkle Leonard Cohen-aktige gitarklimring, men med-vokalist Dawn McCarthy bidrar mykje til å løyse opp monotonien som var litt for sterkt til stades på Master and everyone. Arrangementa er litt meir utvikla her. Melodiane er like vakre som før. Dette er perfekt raudvinsmusikk.

Bob Dylan: Modern times
44 år inn i karrieren kjem Dylan med nok eit råsterkt album, og det kan måle seg med nokre av dei beste han har gjort før. Musikalsk er det nok mest fornuftig å samanlikne det med Love and Theft frå 2001; musikken er på ingen måte inspirert av tittelen eller omvendt; det er swing, country og blues som gjev fundamentet her som på den førre plata. Men dette er ei langt meir inspirert plate, og nokre av låtane, som When the deal goes down, Workingman's blues #2 og Ain't talkin' er så monumentale at kun Dylan kunne ha tatt på seg ansvaret for dei og blitt trudd.

The Decemberists: The crane wife
The Decemberists lagar ein type musikk som ikkje nødvendigvis let seg forklare med alfabet. Ofte kan melodiane og instrumentringa minne om ultrafengande pop frå 60-talet, men like ofte tek melodiane uventa vendingar og krumspring. Det er ikkje bak mål å samanlikne med Neutral milk hotel. I sentrum er alltid den umiskjennelege og sjarmerande stemma til Colin Meloy. Den siste plata frå denne kanten lever på alle måte opp til mine forventningar, med ein meir solid produksjon enn før, og låter med lengre levetid.

I høve den gode responsen..

onsdag, oktober 4th, 2006

.. vil eg nemne at det er kanelbullens dag i dag! Bak deg ein bolle og tenk på kor fattig verda hadde vore utan herlige doktor munk.

Sufjan Stevens i Oslo

tysdag, oktober 3rd, 2006

Den ikkje ukjende Sufjan Stevens gjestar Sentrum Scene tysdag 14. november. Til dei som har høve til å ta turen: møt opp! "Come on feel the Illinoise" var fjorårets beste plate, og det er ikkje berre eg som meiner det..

Horror movie

sundag, oktober 1st, 2006

Eg deltok nyleg i ein diskusjon der stygge taklingar på fotballbana var tema, og då nemnde eg Ben Thatcher sitt overfall på Pedro Mendes tidlegare denne sesongen. Tilhøyrarane hadde ikkje fått med seg denne episoden, så no vil eg nytte høvet til å dele desse 47 sekunda med galskap. Thatcher fekk gult kort for brotsverket.

23. August, Manchester City mot Portsmouth: