Archive for april, 2008

Alt du vil ha

måndag, april 28th, 2008

Etter mange års venting er endeleg den, i enkelte krinsar, mykje omtala Motorpsycho DVDen på veg ut i butikkane. 19. mai er datoen som må merkast med Hair Cuts: Motorpsycho on Film.

Gutane er for tida på turné i heimlandet og mange gode og gamle favorittar har vorte henta fram, som t.d.: Sunchild, Babylon og Taifun. I kveld spelar dei på Verftet i Bergen.

Helgelyd veke 17

fredag, april 25th, 2008

Eg les stadig om køntripopsyngjedamer som skal vere det nye store, men mange av dei er kjedelege og preglause. Kathleen Edwards er såvisst ikkje i den kategorien. Tredjeplata Asking for flowers er av dei sterkaste platene til no i år, og sikrar at ho held seg i same divisjon som Gillian Welch og Lucinda Williams. Her er I make the dough, you get the glory.

Person i sjøen var tømmerstokk

laurdag, april 19th, 2008

Det viser seg ifølgje avisa Bygdanytt at ein person i sjøen var ein tømmerstokk. Vel, skal ein først vere noko anna enn ein person, er vel ikkje ein tømmerstokk det verste ein kan vere.


http://www.bt.no/lokallokal/arnaogosteroy/btartikler/article549369.ece

Helgelyd veke 16

fredag, april 18th, 2008

Den fabelaktige Håkan Hellström er ute med ny plate. För Sent För Edelweiss har vore lydsporet til dei siste to vekene av livet mitt. Her får du Jag vet inte vem jag är men jag vet att jag är din.

Darwin og Bondevik

måndag, april 14th, 2008

Soga om då Darwin nesten vart kasta på dør: Darwin, Bondevik og hukommelsen.

Helgelyd veke 15

fredag, april 11th, 2008

Det er snart sommer, og på sin plass med litt proper pop. Fra San Francisco kommer duoen The Dodos, som nylig slapp plata Visitor. En flott plate. Dodos kommer til Øyafestivalen i August og er vel verdt en lytt.

Skremmande bra

tysdag, april 8th, 2008

Bandet med det nest tøffaste namnet (etter Hawkwind), nemleg Meshuggah, er ute med nytt album. Slettemarken i BT har gjeve albumet gode skussmål og seier ".. . er Meshuggah fremdeles det bandet i verden som best klarer å blande to rare følelser: Være på en bra jazzkonsert og høre Slayer for første gang. Man blir dypt imponert, samtidig som man får lyst å skalle hodet i veggen i begeistring. " Eg kan ikkje anna enn å sei meg heilt einig. Det einaste eg har lyst å legge til er at ein også får litt lyst å skremme nokon.

Helgelyd veke 14

fredag, april 4th, 2008

Hard rock forrige veke, no jazz. Mose Allison sin Parchman Farm. God helg!

Diagrambasert underhaldning

fredag, april 4th, 2008

Neste sommer

Meir på NRK Alltid moro.