Førstkommande onsdag kjem sommaren endeleg til vestlandet, og då er det ikkje bortom staur og veggar å drikke utepils i hagen til Pikant i Førde. Særleg dersom ein tenkjer over at ølprisen er vennlegare onsdagar enn andre dagar i veka. Som ein parantes (kan eg nemne at Nathalie N. skal synge inne på Pikant denne kvelden).
Archive for juni, 2005
Forslag
måndag, juni 27th, 2005Førde – Bergen. Reisebrev frå innsida av hovudet.
sundag, juni 26th, 2005Etter ei hektisk helg i Førde med bryllaup og vitjing av opphav og svigers på menyen, bar det attende til Bergen. Eg såg ikkje akkurat fram til bussturen, men det ikkje så mange andre alternative måtar å kome seg til Bergen på, så det fekk stå til. Fekk heldigvis sove nesten heile vegen til Lavik, trass i at eg hadde drukke kaffi. På ferja var det som vanleg lang dokø. Eg har som kjent ei av verdas minste blærer og er i tilleg velsigna med kjappe nyrer, så det pressa på. Etter å ha fått silt potetene gjekk eg av gamal vane ned i kafeteriaen. Men eg hadde ikkje lyst på noko. Kika litt i avisstativet, men sundags-VG var ikkje så freistande.
Det er forbode og nytta fotballsko…
sundag, juni 26th, 2005
Røykarane er endeleg borte frå fergene, men fergefolka er ikkje seine om å kaste seg over ei ny, utsett gruppe. Denne gongen er det dei som nyttar fotballsko innandørs på fergene som får svi for sine laster. Plakaten seier heldigvis ikkje noko om fotballspeling ute på dekk.
Rock bortom Nåva
sundag, juni 26th, 2005Den årvisse Rock bortom Nåva vart igår arrangert på Klopstad, mellom Naustdal og Førde og altså i skjæringspunktet mellom bygd og by. Sjølve festivalområdet ligg idyllisk til med utsikt utover Førdefjorden og med himmelen som tak. Scena var bygd opp på ei låvebru, og publikum kunne gle seg over ei mengde fasilitetar som stolar, bord, toalett, grillmuligheter (og gratis grillmat skulle det vise seg) og presseningar.
Publikum gjenspeilte på ein framifrå måte spekteret av folkesetnaden i Sunnfjord. Frå Jølster stilte ein gjeng unge og entusiastiske musikkelskarar og festløver, frå Gaular kom heile det tunge rockmiljøet, technomiljøet frå Naustdal var sjølvsagt (og heldigvis!) på plass. I tillegg var det tilstrekkeleg mange satanistar på plass til å fylle opp eit heilt bord, og mellom alle desse fraksjonane telte eg ein knallhard "biker" og tre eldre menn med grått hår. Sjølv sat eg i bakgrunnen ilag med andre introverte kulturløver.
Ei speleliste
fredag, juni 24th, 2005Sidan eg no er på breibandet kan eg meske meg med alskens musikalske godbitar. Her følgjer litt av det eg har lytta til i det siste:
- The Mars Volta - Frances the Mute
- Common - Be
- Campbell Brothers - live 15.06.05
- Gillian Welch & Tim O'Brien - live 19.05.05
- Elvis Presley - How great art thou
- The Hellacopters - Rock & Roll is dead
- Ryan Adams - Cold Roses
Dette har eg stort sett funne på Dimeadozen, Torrentbox, Bytenova og Piratbyrån.
Rock bortom nova – OPPDATERING
fredag, juni 24th, 2005Heia filmen!
måndag, juni 20th, 2005Det har vore filmfestival i Grimstad og prisen for beste dokumentarfilm vart delt mellom "fra hver sin verden" og "ungdommens råskap". Om ein les igjennom lista over kven som har vore involvert i den førstnemnde filmen, ser ein at DrMunk har fått sin første prisvinnar i Grimstad. Det er berre å gratulere!!!
Her kan du lese meir om filmen:
"Fra hver sin verden" går forøvrig på NRK 02.07, så då har vi alle muligheten til å få den med oss!
Internetsurfing
tysdag, juni 14th, 2005Eg er endeleg ferdig med min eksamen, men det er hardt å trappe ned på internetsurfinga. No har eg funne ein genial guide på min ville ferd i verdsveven. Eg lasta ned ein "extension" til firefox, eit program som heiter StumbleUpon. Etter å ha installert det får ein ein liten StumbleUpon knapp i venstre hjørnet av nettlesaren og når ein kjedar seg er det berre å trykke på den, så tar den deg til ein ny og spanande nettstad. Fantastisk!
Her er ein link til kor ein kan hente ned programmet. Det er forøvrig ein mengde extensions ein kan laste ned. Nokon som har fått weatherforcast programmet til å virke?
Rock bortom nova
torsdag, juni 9th, 200525. juni er det igjen klart for Rock bortom nova. Programmet er ikkje klart endå men dersom alt går som planlagt, vert det svært bra. Vi kjem attende med nærare informasjon straks programmet er offentleggjort.
Arrangementet går føre seg på Klopstad mellom Naustdal og Førde.
Carl Frode Tiller: Bipersonar
fredag, juni 3rd, 2005Carl Frode Tiller imponerar med sterke personskildringar og psykologisk innsikt, men han kjem ikkje heilt i mål med andreboka si.
(meir...)