Archive for september, 2008

Finanskrisa – sanninga

måndag, september 29th, 2008

Eg har vorte aukande interessert i økonomi det siste året. Dei siste vekene har difor vore like spanande som eit tour de France, ja nesten på høgde med fotball-VM. Problemet har vore å finne edrueleg informasjon om kva som eigentleg skjer. (meir...)

Kven er dette?

laurdag, september 27th, 2008

Ringte spåkone – kva så?

laurdag, september 27th, 2008

Stortingsrepresentant Saera Khan har fått mykje kritikk den seinaste tida fordi ho angiveleg skal ha misbrukt ordninga som gjev folkevalgte fri tilgang på telefon. Det viser seg no at ein vesentleg grunn til at Khan har hatt så stor telefonrekning, er at ho har ringt til ei spåkone 58 gonger. I 2001 oppsøkte eg sjølv ei spåkone i Brasil, og veit difor at ein kan få uvurderleg informasjon frå den kanten. Det verkar unekteleg som om nokon er ute etter å "ta" Khan.

http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article2678650.ece

The Micropops live

onsdag, september 24th, 2008

The Micropops med Håkon Njøten er headliner under helgas Dugnad-festival der inntektene går til bandsa som mista utstyret sitt under brannen i Skuteviksbodene. Andre bands som stiller opp er: Datarock, The Whitest Boy Alive og Kim Hiorthøy.

Ref. opplett.no.

Helgelyd veke 37

fredag, september 12th, 2008

Ei plate som har fått mykje god omtale av ymse kritikarar i haust, er You & me med gruppa The Walkmen. No då eg har høyrd intensivt på ho ei stund, kan ikkje ikkje anna enn å vere samd med desse. Songen In the new year tykkjer eg særleg godt om. God helg godtfolk.

Lyd

fredag, september 5th, 2008

Gjensyn med Twin Peaks på Tv2

fredag, september 5th, 2008

I kveld 23.40 sender Tv2 første episode av den legendariske fjernsyns-serien Twin Peaks. Det blir eit deilig gjensyn med tidenes skumlaste serie og eit fantastisk persongalleri. Pete Martell finn liket av Laura Palmer, Ronette Pulaski blir funne skamslått og FBI-agent Dale Cooper kjem til Twin Peaks, i ein episode som er av dei absolutt betre i serien.