boliga.no

Det er sagt at det finnast tre typer løgn: løgn, forbannet løgn og statistikk. Dette gjeld definitivt for Norges Eiendomsmeglerforbund (NEF) sin statistikk om bustadprisane.

I starten av kvar månad presenterer presenterer NEF oversikta over korleis prisane på bustad har utvikla seg. I desember kunne ein lese at prisane hadde falt 1,1 prosent, men "sesongjustert" var fallet berre 0,1 %. I løpet av heile 2008 hadde prisane falt 4 prosent. Dette er merkeleg lite, for inntrykket til folk flest er at prisane har falt mykje meir. Min nabo satte til dømes ned prisen over 10 prosent utan at det ein gong kom folk på visning og måtte til slutt leige ut.

Ein kan vise kva ein vil med statistikk, og NEF klarte lenge å lure folk til å tru at prisane på bustad skulle vokse evig. Sjølv etter at prisane eigentleg hadde byrja å falle, presenterte NEF tal som viste at bustadane haldt fram med sin evige prisvekst. Mange vart difor lurt til å bruke meir på huskjøp enn nødvendig, og meklarane kunne cashe ut stadig feitare honorar. Etterkvart vart det umogleg til og med for NEF å oppretthalde inntrykket om evig prisvekst. Fokuset no er å presentere tal som syner at prisfallet er i ferd med å stogge, noko vi allereie fleire gonger har fått melding om at har skjedd.

Det er ikkje berre kreativ rekning som ligg bak dei statistiske kunststykka til NEF; eg meiner at det er direkte juks med tal, noko som er ganske enkelt å bevise ved å bruke NEF sine eigne tal som dei legg ut her.. Eg forstår ikkje kvifor ein journalist ikkje tar seg bryet med å lese desse tala litt meir nøye enn å sluke NEF sin eigne tolkningar og konklusjonar.

Med lanseringa av Boliga.no, vart det endeleg slutt på NEF sitt monopol på å levere statistikk. Tilsvarande nettstader har allereie eksistert ei tid i både Danmark og Sverige. Meklarstanden motarbeida dei med nebb og klør i starten, noko som er forståeleg då dei presenterer nøytral informasjon om korleis det går med bustadprisane. Det er ikkje mange vekene med data som er registrert i Noreg endå, men det skal bli spanande å følgje med framover.

Det er med andre ord tunge tider for meklarstanden. Endå tyngre får dei det om Heidi Grande Røys får det som ho vil slik at privatpersonar får høve til å leggje ut bustaden sin på Finn.

For kvart slag meklarane får er det berre å fryde seg. I så måte er det berre å velge og vrake mellom kva gladnyhet som skal få innlede helga. Personleg velger eg denne.

Det at ein ikkje skal sparke dei som ligg nede, gjelder definitivt ikkje for denne bransjen.

Sjå også

3 Kommentarar

  1. drleiv
    Posted 14. januar, 2009 at 23:36 | Permalink

    At boliga.no har sin funksjon vert demonstrert kvar dag. Det kjem stadig nye overskrifter at typen "ekspertene sier: løp og kjøp", "bunnen er nådd", "nå har det snudd". Dagens versjon i DN var denne:

    100 møtte på visning

    link: http://www.dn.no/eiendom/bolig/article1582431.ece?jgo=c1_re_left_3

    At det kjem 100 stykker på visning er kanskje ikkje så rart. Det er jo berre å sette prisen lavt nok! Siterer frå Hegnar.no sitt debattforum:

    Dette huset sto til salgs i fjor for 5.890.000, og ble så forsøkt solgt som to separate enheter for 2.650.000 og 3.350.000. Så er tydeligvis eier desperat etter å få solgt, og setter ned prisen med nesten 1 million. At det da blir mye folk på visning er jo ikke overraskende? Og at dette brukes som eksempel på at boligmarkedet er friskmeldt, er merkelig synes jeg.

    At det er merkeleg er eg forsåvidt einig i. Men dessverre vert eg ikkje lengre overraska. Det er utruleg skuffande at finansavisene i dette landet framleis fungerer som høgtalarar for eigedomsmeklarar. Sidan det er fleire månader sidan boligbobla sprakk må ein byrje å lure på om det lave nivået på nyhetene skuldast meir enn latskap frå journalistane si side.

  2. baardemannen
    Posted 10. april, 2009 at 00:01 | Permalink

    Har følgt med på boliga ei tid og ser at det er ei overveldande overvekt av prisfall samanlikna med bustader som stig i verdi. Jamt over ligg nivået av samla prisfall i kroner ti gonger over tilsvarande for prisauke. Men dette er bustader som sist vart omsett for fleire år sidan, og såleis seier vel statistikken ingenting om trenden i marknaden dei siste månadane? Eller er eg heilt på villspor?

  3. drleiv
    Posted 10. april, 2009 at 10:52 | Permalink

    boliga.no registrerer prisfall i utbodspris. Om ei leilighet tildømes vart lagt ut for salg for 2 millionar i desember, og leggast ut på nytt no for 1,8 millionar, vil det bli registrert eit prisfall på 200000 kroner.

    Eit av dei store problema med NEF sin statistikk over bustadpriser, er at dei kun baserer statistikken sin på bustader som faktisk er solgt. Spesielt i tider med fall i bustadprisane, vil denne måten å rekne statistikk gje eit veldig feil bilete av korleis bustadprisane endrar seg. I ein fallande marknad vil det først og fremst vere dei mest attraktive objekta som vert solgt, og ein vil difor ikkje fange opp at prisane reelt sett har gått nedover.