Dei fleste av oss hugsar nok Frank Silva. Kanskje ikkje under hans eigentlege namn, men berre ta ein kikk på filmen...
Archive for august, 2006
Intervju med Frank Silva
måndag, august 28th, 2006Skild ved fødselen
onsdag, august 23rd, 2006Etter å ha sett eit bilete av president i Norges fotballforbund, Sondre Kåfjord, er det ikkje lenger tvil - han må vere tvillingbroren til Keisar Palpatine frå Star Wars. Pass på, han kjem nok ikkje til å nøye seg med tittelen president så lengje, snart vert han fotballkeisaren av Noreg.
Comeback for Atomic Swing
måndag, august 21st, 2006Atomic Swing var store på nittitalet og debutalbumet "A car crash in the blue" frå 1993 selde 90 000 i Sverige. No er dei tilbake utan at eg har fått det med meg. Er informasjonsstraumen om sumaren heilt tørr, eller er ikkje dette stoff for aviser og radio? Dei har i allefall sluppe eit nytt album, "The broken Habanas", og to singlar, "The Flasher" og "So Mystifying". Dei spelte også gratis (sic) på Mono i Oslo 1. august. Fredag 1. september er dei i Studentenes Hus i Oslo og laurdag 2. september spelar dei i Bodø på Parken-festivalen.
Skandale !!!
fredag, august 18th, 2006Nokre av denne nettsida sine flottaste bidragsytarar var på rockefestivalen Øya i Oslo for ikkje lenge sidan. Der var det mange minneverdige konsertar, og den beste var kanskje !!! sin energiske og fengjande konsert på torsdagen. Denne konserten er diverre ikkje anmeld i aviser eller nettstader. På nrk P3 sine nettsider der det no finnst omtaler og video av dei fleste konsertane på Øya er konserten med !!! heller ikkje nemd. Chk chk chk.
P1
onsdag, august 16th, 2006Det kan til tider vere kjekt å høyre på radio, til dømes i arbeidssituasjon. Men det er ikkje alltid ein er like samd i musikken som vert spela. Då kan du når du har tid setje deg ned framfor PC-en og leite litt i arkivet og høyre på mykje fint.
Eg veit jo at ein del av Doktor Munk sine lesarar ikkje lenger kan karaktiserast som teenagers og nokre har kanskje allereie forsont seg med tanken om at dei blitt vaksne. Som vaksne er det naturleg å ha lagt P3 bak seg og gått over til P1.
I Norgesglasset sitt arkiv har eg funne ein del høyrverdige saker, til dømes vinkurs med Merete Bø frå Elysée, kåseri frå Per Inge Torkildsen og humorprogrammet Møre Banan.
Vin meg her og vin meg der
tysdag, august 15th, 2006Vår eigen Proletar er redaktør for den framifrå nettstaden Vinpressa.no, og i siste innlegg rapporterer han frå redaksjonen sin årlege tur. Denne gongen gjekk turen til Voss og Nord-Europas beste vinkjellar hjå Park Hotel Vossevangen og Restaurant Elysée .
Modern times
måndag, august 14th, 2006For dei som ikkje har fått med seg det, er Bob Dylan nær ved å sleppe sitt førtifjerde album. Det skal heite Modern times, og kan kjøpast frå 28. august. Albumet inngår, ifølge Columbia records, i ein triologi som også omfattar Time out of mind og Love and theft.
Skal det vere eit krypinn?
sundag, august 13th, 2006Notar er alle sin favorittmeklar men i føljande prospekt stussar eg litt over kva dei eigentleg prøver å selgje.
Nytt frå fjern og nær
sundag, august 6th, 2006Grunna akutt mangel på kompetente skribentar held redaksjonen fram med å levere drøvtygd oppgulp frå Nye Media (TM):
- På internett står det at Johnny Marr (han tjukke i The Smiths) er blitt med i Modest Mouse. Gå' mann, som dei seier her i byn.
- Kamelonen i Bergen er konk. Bad stuff, altså, aldri meir forbi den blå steinen...
- Rockehjørnet anbefalar: The Replacements - Let it be