Snøen har lava ned og det er sikkert glimrande forhald for skimorro i fjellet!
Tenkte å lufte om det er noko interresse for ein helgetur til fjells?
Archive for januar, 2009
Skiferie
onsdag, januar 28th, 2009I rotasjon
laurdag, januar 24th, 2009På platespelaren for tida er siste plata til Morrissey, Years of refusal. Den er strålande, og mykje betre enn førre forsøk frå den kanten. Det lovar bra for Oslo-besøket i vår. The crying light med Antony and the Johnsons får og mykje speletid. Var i utgangspunktet skeptisk til om Antony kunne følgje opp suksessen med I am a bird now, men det klarar han faktisk. Så vil eg til slutt nemne The tallest man on earth med plata Shallow graves. Han er ein Dylan-inspirert, svensk trubadur som skriv utsøkte melodiar.
Ein smakebit frå sistnemnde: (med Nick Drake-intro)
Fullemann tatt i undikken
laurdag, januar 24th, 2009Eg føler det er mi plikt å dele denne vesle godbiten med dykk. Saksa frå BA. Stikkord:
- lystig herre
- skrålte
- bekledningshemmet
- ute av normal posisjon
Quiz: Kven er du …
onsdag, januar 14th, 2009… på Coop Extra Bygg Førde?
Du er ein typisk Halvor Erdal! Du er ein kundevennleg person, som gjerne slår av ein liten spøk til kundar litt for ofte. Gjer alt for å unngå å sitte i kassa.