Archive for juni, 2008

Helgelyd – Festivalutgåva

fredag, juni 27th, 2008

Favorittrockebandet vårt Ungdomskulen spelte opp på årets Hovefestival og NRK Lydverket fekk bandet til å stille opp på ein akustisk campingkonsert. Låten er Modern Drummer.

Honnør (kudos) til statskanalen som endeleg har skjønt korleis film kan publiserast på web.

I det nostalgiske hjørnet?

fredag, juni 27th, 2008

http://nostalgiapelit.servut.us/pajatso.html

Tom Waits til Operaen?

onsdag, juni 25th, 2008

Nei, det passar littegranne dårleg akkurat no.

Det er fristande å ta fram dei sterkaste glosar, men artikkelen talar for seg.

Helgelyd veke 23

fredag, juni 6th, 2008

Denne gongen skal vi attende til sommaren 2005. Den sommaren då der berre eksisterte ei einaste plate. Plata er sjølvsagt Hal sin sjølvtitulerte debut, og vi har gleda av å servere meisterverket I sat down.

Karies eller berre stor i kjeften?

onsdag, juni 4th, 2008

SK Brann sine nettsider melder om at Brann-tannbørsten endeleg er her. Dette er ein tannbørste som er spesialdesignet for bergensere og hordalendinger.

Filming!

måndag, juni 2nd, 2008

Fotball-Noreg raser etter at RBKer John Pelu filma seg til straffespark mot Viking. Uwe Rösler vil at Terje Hauge skal legge dommarskoa på hylla for godt, og ein opprørt fotballpresident Sondre Kåfjord vil utestenge Pelu i to kampar. Men Pelu har framleis mykje å lære når det gjeld filming. Dette klippet tåler mange gjensyn:

Perfekt

måndag, juni 2nd, 2008

Årets andre tur på Viefjellet er eit faktum. Denne gongen i arbeidstida. Midt i biletet: geit (Capra hircus).

EMTIPS 2008

sundag, juni 1st, 2008

Då er tippetevlinga EMTIPS 2008 klar. Viss du saknar invitasjon: send ein mail til tipping @ dette domenet