Archive for desember, 2007

Godt nyttår!

måndag, desember 31st, 2007

Tinariwen, Øya

Biletet er teke på Beduinrock-festivalen i Middelalderparken i hovudstaden av ein som heiter Eirik. Kor vidt det oppsummerar året som har gått får vere opp til andre å vurdere. Bandet heiter Tinariwen.

Go Lance!

sundag, desember 30th, 2007

d
Det er kjekt å sjå at ein ikkje er åleine i si overtyding. Eg voks opp i ei tid då ninjastjernene stod i veggen, og eg og Tøggy laga nunchako på sløyden. Dei beste dataspela var Yie are Kung fu, International karate og The last ninja. Ralph Machio og Bruce Lee var filosofane som viste vegen framover. Men ingen var tøffare enn Lance. Han er eit tidlaust ikon som alle har noko å lære av.

Dei beste platene i 2007

fredag, desember 28th, 2007

gg
No då 2007 går mot historiebøkene, er det naurleg å oppsumere musikkåret. Dette er dei beste platene frå året som har gått:

(meir...)

Klappeland

onsdag, desember 19th, 2007

Den siste KNAXianar

onsdag, desember 12th, 2007

Denne veka er det slutten for KNAX i Sparebanken Sogn og Fjordane. Har du sparebøsse eller merkehefte må du straks springe til næraste filial, elles går kronestykkene dine frå barndomen med i Terra-dragsuget. Dette barnekonseptet har vore der sidan eg var liten, men heretter vert det altså Kongleriket. Mange fine metaforar for sparing i floraen, ja. Dette blir nok pop.

Eit kjapt søk på google viser at dette ikkje er noko Sparebanken Sogn og Fjordane har sugd av eige bryst. Dei har dette i mange land! Fasaden slår sprekker og tilliten til banken er for min del sterkt svekt.

Pest og kolera

måndag, desember 10th, 2007

NRK P2 kutter pop og rock fra spillelistene, og pop-programmene fra sendeflaten. Nå skal det bli mer musicals og viser i kulturkanalen.

Då eg las dette trudde eg det var ein spøk, men det er ikkje ifølgje Dagsavisen si nettutgåve. Einaste løysinga, slik eg ser det, er å trøste seg med P. I. L. S. og pils.

Verdas beste band står på scena i kveld

måndag, desember 10th, 2007

Etter at dei la opp i 1980 har ikkje Led Zeppelin spelt meir enn eit par (omlag 2) konsertar. I kveld spelar dei ein konsert til minne om tidlegare direktør i Atlantic Records, Ahmet Ertegün. Interessa før denne konserten har vore enorm og no går rykta om ein turné til neste år. Frank Nes, du veit kva du har å gjere.

Twin Peaks

onsdag, desember 5th, 2007

f
Etter merkeleg lang tid er endeleg heile Twin Peaks klar på DVD, i ein boks med ti plater og tredve episodar. Den fullstendig nyskapande serien frå frå 1990-91 er genial på sitt beste, men tar dessverre av i alt for mange retningar etter kvart. Den burde nok ha vore komprimert til halv storleik. Uansett er dette ei strålande julegåve for alle som hugsar denne serien med glede.

http://www.aftenposten.no/kul_und/film/article2135653.ece