Archive for august, 2008

Moderne femkamp

måndag, august 18th, 2008

21. og 22. august går OL-konkurransane i moderne femkamp av stabelen. Det skal konkurrerast i 10 m luftpistol, fekting med korde (ikkje sabel, nei), 200 m fristilsymjing, sprangridning med ukjent hest og 3 km terrengløp. Ifølge Wikipedia vart konkurransen konstruert av baron Pierre de Coubertin og den har som mål å simulere erfaringane til ein kavalerist på 1800-talet.

I herreklassen er verdsmeister av året Ilya Frolov ein av dei store favorittane. Det er også knytt stor spenning til om vinnaren frå Athen, Andrei Moiseev, vil klare å gjenta bragden frå 2004. På spinnesida er det store forhåpningar til om den egyptiske verdscupvinnaren frå i fjor, 20 år gamle Aya Medany, kan hamle opp med verdsmeisteren dei siste to åra, franske Amelia Caze.

Hey hey, my my

måndag, august 11th, 2008

Konsertar med Neil Young nærmar seg. Nokon heldige skal avgarde for å sjå han allereie i morgon, medan andre må vente heilt til den 26. Her er ein smakebit.

Return of the Telefonselger

måndag, august 4th, 2008

Etter ein fantastisk sommarferie er det på nytt kvardagen som rår. Den held stort sett eit høgt nivå, krydra med enkelte høgdepunkt. Å verte oppringt av ein telefonselgar representerar definitivt eit slikt høgdepunkt. Etter at eg starta med min strategi å aldri avslutte ein samtale med ein telefonselgar har det dessverre vorte stadig sjeldnare at dei ringer. Men her ein dag måtte eg ta telefonen for mi kone (!) då ho var travelt oppteken med å køyre bil. Til mi store glede var det Krisfoffer frå Norsk Helsekost AS som ringte. Samtalen gjekk omtrent som følger:
(meir...)