Archive for mai, 2008

Perfekt

laurdag, mai 31st, 2008

Eg vart gjort merksam på at det er venta storfint besøk til hausten. Doug Martsch og hans eminente orkester Built to Spill spelar opp på Verftet i Bergen og Rockefeller i Oslo, høvesvis 10. og 11. oktober. Og ikkje nok med det, albumet Perfect from Now On skal spelast i sin heilheit. Billettar er lagt ut for begge arrangementa.

Helgelyd veke 22

fredag, mai 30th, 2008

Berre eitt år er gått sidan den glitrande The stage names, men gledeleg nok kjem Okkervil river med ein oppølgjar allereie i september i år. Plata skal heite The stand ins og inneheld låtmateriale som stammar frå same tid som det på den førre. For å feire nyhenda, serverer vi eit gjenhøyr med Plus ones frå førstnemnde plate. God helg!

Regjeringa må gå!

laurdag, mai 24th, 2008

Statistikken viser at den populære kroneisen kosta kun 1 krone fram til 1970. I 1986 kosta den deilige kroneisen med jordbær eller sjokolade kun 6 kroner. Kva må vi betale for kroneisen no? 17 kroner? Dette er for dumt! Kva vil prisen vere i 2020?? No må regjeringa kjenne si visitt-tid og ta hatten sin og gå.

Helgelyd veke 21

fredag, mai 23rd, 2008

Noregsaktuelle Bonnie 'Prince' Billy er ute med ny plate. På Lie down in the light er han framleis sår, skranglete og vindskeiv. Men kanskje anar vi eit lys i enden av tunellen. Her: You want that picture.

The Onion om Madonnas siste

tysdag, mai 20th, 2008

Den flottaste nettblekka The Onion har ein plateomtale av Madonnas siste plate som går det meste anna i sjangeren ein høg gang.

Although Hard Candy has only been available for three weeks, its format of a two-channel 16-bit PCM encoding at a 44.1 kHz sampling rate per channel has already drawn comparisons to such classic CDs as the Beatles' Abbey Road and the Spin Doctors' Turn It Upside Down.

Resten kan lesast på The Onion sine sider.

Peter Phelps

laurdag, mai 17th, 2008

Det har vore merkeleg stille rundt skodespelaren Peter Phelps i det siste. Den australske sjarmøren spelte i utallege filmar og tv-seriar i heimlandet før han endeleg slo gjennom i rolla som livvakten Trevor Cole i Baywatch. Han prøvde seg i Hollywood etterpå, og fekk ei lita rolle i Point break. På norske tv-skjermar har vi hatt gleda av å oppleve Phelpsy som etterforskar i krimserien Stingers. Peter Phelps har vunne Australian Film Institute Best Actor award ein gong. Sjølv om han har sett merke etter seg med sine utallege rolletolkningar, er det mange av oss som lurer på kor stor han eigentleg kunne ha blitt. Då er det trøystande å lese at han iallefall har komme over førtiårskrisa:

http://home.online.no/~kcnyhus/article12.html

Helgelyd veke 20

fredag, mai 16th, 2008

Den fullstendig ukjende Funkee Homosapien-fraksjonen i Ufjelgs helgelydredaksjon har denne gangen gleda av å presentere Aesop Rock sin sleger None shall pass frå albumet med same namn.

På albumet gjestar bl. a. John Darnielle frå The Mountain Goats.

- det eneste staten ghjør er og skal ha og ha

torsdag, mai 15th, 2008

Skal vi døma etter reaksjonane på VG-nett sitt diskusjonsforum i dag, har Kristin Halvorsen sitt reviderte nasjonalbudsjett øydelagd alle framtidige sjansar for den raudgrøne regjeringa til å bli attvald. Folk er særleg vonbrotne og forbanna over avgiftsauka på bensin, ei auke som ifølgje VG vil medføre ein meirkostnad på 66 kroner i året for eigarar av ein bensinbil. Ein innsendar skriv: Helse norge og veiene her i norge ligge helt nederst på listen over europa. Er ikke det ett tegn? Nei nok er nok, og det er på tide vi ole nordman ser det og dremostrerer mot denne utviklingen, vi har vært alt for lett lurte. Ønsker sterkt å flytte fra norge om det ikke kjerpes inn…

Vel talt, her må det kjerpast over ein lav sko!

Her er nokre fleire høgdepunkt:

(meir...)

God vinnar

onsdag, mai 14th, 2008

Eg er i eit dunkelt hjørne i dag sidan min kjære Corolla fekk smesja vinduet for ei ussel lommebok med skarve 100 bols i, og eg synes det passar godt å tilby dykk dette framifrå videoklippet med ein mindre sympatisk pokerkar.

Det er mulig det er slik de pokerspelarar oppfører dykk når de spelar profesjonelle pokerkampar, men for ein pokerparia som meg er dette sterk kost.

EM tipping

laurdag, mai 10th, 2008

Kva skjer med Em-tips konkurransen i år? Blir det ikkje noko av? Det vart vel lagd ein mal forrige gang som fungerte rett så fint? Nokon som vil ta på seg å arrangere?