Archive for juni, 2007

Folkeopplysning

tysdag, juni 26th, 2007

Eg las litt i Mekkeboka til Syklistenes landsforening idag og støytte på ordet unbrako. Kunne dette verkeleg stemme? Det heiter då verkeleg umbrako. Dette kunne også kollega S, ein røynd herremann i sin beste alder, skrive under på. Stort var sjokket då umbrako gav 799 treff på Google, medan unbrako gav 33,200. Då vi i tillegg fann følgjande på dansk Wikipedia, måtte vi innsjå vi at slaget var tapt:

Hovedparten af den danske befolkning udtaler og tror skruetypen hedder Umbrako, hvilket er en misforståelse idet firmaet retteligt hedder Unbrako.

Heldigvis kan eg søke trøyst hjå majoriteten av det danske folk.

Ein klassikar til glede

torsdag, juni 21st, 2007

Kvalitetssalvar

onsdag, juni 20th, 2007

Norsk esperanto-ungdom (NJE) lyste for ei tid sidan ut ein banneordkonkurranse. Vinnar vart følgjande kraftuttrykk send inn av Etel Zavadlav frå Kroatia:

Fiku fratinon de erinaco

som tyder Pul systera til eit pinnsvin. I juryen si grunngjeving heiter det bl.a. (meir...)

Tverrfløyteterror på høglys dag

måndag, juni 18th, 2007

For nokre dagar sidan kom Postgirobygget ut med ny plate og no altså dette. Kva blir det neste?