Forfattar Rolf Sagen gav følgjande kortfatta intervju til Bergen bibliotek sin nettredaksjon.
Archive for mai, 2006
Intervju
sundag, mai 28th, 2006Boknatt
torsdag, mai 25th, 2006Den 24. juni er det klart for den årlege boknatta i Fjærland. Dette er eit særs triveleg arrangement, som eg gladeleg tilrår. Denne gongen er sjansane for å gjere eit realt bok-kupp ekstra store, for Baardemann har sagt seg viljug til å selje store delar av den svært så innhaldsrike boksamlinga si.
Trendar
fredag, mai 12th, 2006Eg har lenge interessert meg for trendforsking og vi har no fått eit uvurderleg hjelpemiddel i dette noko tidkrevande arbeidet: Google har nemleg lansert Google Trends. I ei lita analyse kom eg fram til følgjande oppsiktsvekkjande resultat: Rock er meir pop enn pop. Sjå sjølv.
Dagens disclaimer
torsdag, mai 11th, 2006Det er mykje ansvarsfråskriving for tida, og dette er nok mest utbreidd i USA. Men ein dag eg var på arbeid på bakeriet og skulle opne ein sekk sukker frå Danisco fann eg denne beskjeden bak på sekken: Produsert i Sverige eller Danmark. Dersom nokon skulle klage er det altså berre å skulde på nabolandet.
No er det også litt underleg at dansk sukker kan konkurrere ut afrikansk og latinamerikansk sukker på pris. Subsidier er ikkje like kjekt for alle..
Tiltakslyst
tysdag, mai 9th, 2006På Doktor Munk er aktiviteten låg, men det ikkje alle som er like late. I Førde har to eldsjeler satsa på å få arrangere fest for russen ved utstillingshallen natt til 17.mai. Rådmannen er ikkje ubetinga begeistra for planane, så no står heile arrangementet i fare. Simon Vie, ein av initiativtakarane, uttalar skuffa til Firda:
- "Det vil vere direkte bittert om dette går i vasken. Og det vil vere veldig trist for foreldra, etter som vi prøver å få til eit rusfritt arrangement."
Med slike edle motiv er det lov å vere skuffa, og eg stiller meg vantru til styresmaktene som ikkje takkar og bukkar for eit rusfritt russearrangement.
Heile saka kan du lese her