Archive for juni, 2006

Nord-Korea i bilete

sundag, juni 18th, 2006

Ein viss Artemii Lebedev har vore på tur til Nord-Korea og teke ei mengd interessante bilete: http://www.militaryphotos.net/forums/showthread.php?t=82755

Dagens reklame

laurdag, juni 17th, 2006

Som de forhåpentlegvis har lagt merke til har vi klart å halde Doktern rimeleg fri for kommersielle innslag. Denne gongen må vi nok gjere eit unntak. Lost Weekend-festivalen har laga ein annonse for festivalen sin og den ser slik ut:

Muddy

Analyse

tysdag, juni 13th, 2006

www.gillianwelch.com har fått ei omfattande ansiktsløfting og ein kan sjølvsagt begynne å lure på kva det skal bety. Eit raskt søk på internett.www kan oppsummerast slik:

Pr. 30. mars var Gillian Welch saman med David Rawlings, i studio for å spele inn nytt materiale.

Så folkens, det er berre å gle seg til nytt materiale frå cowgirl nummer 1.

Festivaltips 2 – Her e alle heltane

tysdag, juni 13th, 2006

For dei som har behov for å slå ihjel litt tid i starten av august, kan Askøy (== Øyen) tilby Lost Weekend-festivalen. Forutan dei lokale supersjernorna Muddy Mojo spelar bl. a. Serena Maneesh, Dadafon, Gram Per Person, Dum Dum Boys (aka The Avdancka Trønderrockers) og Hurra Torpedo.

Sjekketriks

fredag, juni 9th, 2006

Henning Engh (43) er lei av skrivefeil og presenterer bl. a. følgjande djuptgåane analyse:

Altfor mange kvinner klusser med bruken av kolon og semikolon. I tillegg er det tydeligvis vanskelig å skille mellom presens og presens partisipp.

Klikk på biletet:
Henning 43, lei av skrivefeil

Agurknytt med pølse

fredag, juni 9th, 2006

I Verdens Gang kan ein lese følgande i dag:

En tysk mann er pågrepet mistenkt for å ha drept en kvinne med en pølse.

Påtalemyndigheten opplyser at 50-åringen ble arrestert etter at liket av kvinnen ble funnet i en leilighet i Zwickau øst i Tyskland.

Ifølge politiet var kvinnen blitt kvalt med en Bockwurst, en stor tysk pølse.

Den pågrepne skal ha avgitt en svært uklar forklaring. Mannen skal ha sagt til politiet at det er mulig han kan ha «foreskrevet» en Bockwurst til kvinnen.

To strekar under svaret eller sterk i rekninga

torsdag, juni 8th, 2006

Mattekunnskapane hjå dagens elevar er som kjent ikkje heilt fantastiske. Så for dei fleste hadde det nok ingenting å seie frå eller til at det var ein faktisk feil i oppgåva som var gitt til eksamen 1. klasse på gymnaset iår. Men uansett er det ganske utruleg at eksamensoppgåver ikkje blir sjekka betre for feil. Det er godt å sjå at det finnast fornuftige folk i skulevesenet som veit dele ut litt fortent kritikk. Og eg ser ikkje vekk ifrå at fleire av Doktor Munk sine lesarar drar kjensel på ein lektor omtala i denne artikkelen...

Hole in the sky

onsdag, juni 7th, 2006

Vi har passert the number of the beast, og så vidt eg har registrert, er alt ved det gamle. Det kan difor vere på sin plass å minne om at billettane for Hole in the sky-festivalen er lagte ut og programmet er spikra. Dersom du er lei av urban indie-rock, introvert psych-folk eller IDM kan kanskje ein konsert med My Dying Bride, 1349, Celtic Frost eller Sahg vere noko?

For billettar og program sjå holeinthesky.no.

VM-tips 2006

laurdag, juni 3rd, 2006


Eit bilete som seier meir enn tusen ord

No er det kun få dagar igjen til det brakar laus, og eg vil oppmode sterkt om å delta i årets tippe-konkurranse. VM blir (om mogeleg) endå meir spanande og interessant om du sjølv er med og kjempar om heider og ære. Klikk deg inn på http://ufjelg.org/vm for meir info.

Sagan om de bannlysta!

torsdag, juni 1st, 2006

http://media.putfile.com/Sagan-om-de-bannlysta