Fem barndomskameratar møtest i heimstaden Falkenberg, til ein sommar som nådelaust markerer overgongen til vaksenlivet. Framtida er uviss og skremmande, og sterk lut må til for å døyve smerten. Medisinen er dop og nostalgisk dveling ved fortida. Filmen syner fram feriestaden Falkenberg på heilt nydeleg vis, men det er svært mørke undertonar både i musikken og i samtalane. Vi skjøner med ein gong at dette umogeleg kan ende bra. Dialogen er sparsam, men den verkar uvanleg spontan og autentisk - det er forresten ikkje det einaste som minner om dogme her. Det heilt sentrale motivet er lengten etter dei ukompliserte oppvekståra, lengten etter gamal venskap. Debuterande regissør Jesper Ganslandt klarar på nesten eineståande vis å formidle ei truverdig nostalgisk stemning, noko som ikkje akkurat er uprøvd i svensk film. Dette er ein film eg sterkt vil tilrå folk å sjå, sjølv om den er usedvanleg vond å sjå på.
Archive for april, 2007
Farvel Falkenberg
måndag, april 30th, 2007Pet shop boys
fredag, april 27th, 2007Bergenfest er i gang. Berre sjå her.
Mål og meining
laurdag, april 21st, 2007I håp om at det er plass til litt lågkultur i denne finkulturens høgborg, spanderer eg eit mål av vidunderbarnet Lionel Messi som kunne ha fått Maradona til å snu seg i grava om han hadde vore daud.
Girls just wanna have fun
torsdag, april 19th, 2007Høgaktuelt.
Særs god (?) lyrikk
onsdag, april 18th, 2007Når temaet litteratur først har kome på banen må det vere lov å tipse om følgjande lekkerbisken.
Tippeligaen 2007
tysdag, april 10th, 2007Årets tippeliga er i gang og vi er sjølvsagt tru mot tradisjonen og arrangerer tippekonkurranse. Gå til ufjelg.org/tipping for meir informasjon.
Særs god bok
måndag, april 9th, 2007Eg vil gjere lesarane merksame på romanen Mesteren og Margarita av Michail Bulgakov. Eg er ikkje heilt sikker på kvar denne boka står i den litterære kanonen, men den kom i alle høve med i serien Århundrets Bibliotek i 1991. Sjølv høyrde eg ikkje om boka før ganske nyleg.
Bulgakov skal ha jobba med romanen frå 1928 til sin død i 1940, men den vart ikkje gitt ut før på 60-talet.
Sjangermessig talar vi om fantastisk litteratur, der Bulgakov knyttar trådar mellom meir og mindre historiske figurar som Jesus, Pontius Pilatus og Satan. Midt i denne soga plasserer han figuren Mesteren, som ein lyt rekne med er forfattaren sjølv. Hovuddelen av handlinga er lagt til 30-talets Moskva. Bulgakov skriv strålande satire, og denne delen av handlinga er ein gjennomført bitande kritikk av systemet i Sovjet på den tida. Det går sjølvsagt mykje på det politiske, men også den kulturelle eliten, særleg Bulgakovs samtidige forfattarar, får sitt.
Best likte eg skildringa av det gamle Jerusalem, og Jesu siste timar sett gjennom augene til Pontius Pilatus. Bulgakov målar eit rått og nært portrett av Pontius Pilatus, og biletet av Jesus er eit klart og tydeleg innlegg i religionsdebatten.
Dette er ei bok eg med hensikt las sakte fordi eg gjerne ville den skulle vare lenge. Tydelegare støttefråsegn er det ikkje råd å få frå denne kanten.
Eg innser sjølvsagt at det bør lesast fleire sovjetiske/russiske forfattarar. Frå før har eg kun lese Forbrytelse og straff. Er det nokon som har tips? Bør ein lese Solsjenitsyn? Tsjekhov? Eller vert det for grått og trist? Tolstoj er vel ein sikker vinnar?